I KBabel er det visst tre ulike ordlistetypar. På engelsk heiter dei "Translation Database", "PO Auxillary" og "PO Compendium". Så vidt eg skjønar, er "PO Auxillary" den ordlista som inneheld omsetjingar til andre språk.
Korkje omsetjarhandboka eller KBabel-"dokumentasjonen" seier stort om kva dei to andre er. Og sidan omsetjarhandboka berre brukar dei norske namna, og eg ikkje har nynorske po-filer installert (og det er ikkje min maskin, så eg kan ikkje fiksa utan vidare) så skjønar eg ikkje heilt kva som er kva.
Fredag 05 juli 2002 19:16 skreiv Åsmund Skjæveland:

Eit PO-kompendium er ei stor PO-fil med mange omsetjingar i. Ho kan vera generert frå ei ordliste eller til dømes frå alle KDE-omsetjingane.
Omsetjingsdatabasen er ein database som er generert på grunnlag av omsetjingar. Han tener til dels same formålet som PO-kompendiet, men er mykje raskare og kan oppdaterast automatisk etter kvart som du set om nye program.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes