------- Forwarded message follows ------- From: Jon Grepstad GREPSTAD@sprakrad.no To: 18n-no@lister.ping.uio.no Subject: Re: [i18n-no] Highlighting Date sent: Sun, 16 Sep 2001 15:59:03 +0100
On 16 Sep 01, at 15:46, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Sundag 16. september 2001 15:43 skreiv Jon Grepstad:
Eg har vore på ferie, så denne e-posten kjem seint. "Syntaksmerking" er for snevert. "Highlight" er eit generelt ord for å markere noko eller framheve det. Eg foreslår "marker" eller "uthev" som imperativ og "utheving" som substantiv. Begge orda blir brukte i norske omsetjingar av Microsoft-program.
Verbforma er i grunnen uaktuell, for du syntaksmerkar aldri noko sjølv. Funksjonen sørgjer berre for å visa enkelte ord og konstruksjonar med annan farge eller skrift. For nett denne bruken av 'highlighting' trur eg ikkje 'syntaksmerking' er for snevert. Kjetil nemner jo òg at funksjonen oftast heiter 'syntax highlighting', sjølv om KDE brukar berre 'highlighting'.
OK. Eg las den opphavlege meldinga litt raskt. Men andre delen av ordet ("merking") bør kanskje vere den same som ein brukar for "highlighting" generelt? "Syntax highlighting" er eit undertilfelle av "highlighting".
Jon Grepstad
------- End of forwarded message -------