7.10.2024 kl. 15:21 skrev Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no:
su. den 06. 10. 2024 klokka 19.11 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 01.10.2024 18:04:
Både skrivemåten Allheimen og allheimen er mykje brukt. Eg tilrår Allheimen, dvs. at me behandlar det som eit særnamn, akkurat som Internett.
generelt brukar vi vel ikkje å omsetje eigennamn?
Tja, tenker du *generelt* for norsk eller spesifikt for teknologi? På norsk er det lang tradisjon for å omsetja nokre typar særnamn, eks. namn på land (Deutschland) og kunstverk (Måneskinssonaten).
det er kanskje ein lang tradisjon for det, men den er stort sett broten i dag? jf. at vi gjekk over til Belarus som namn, eller at vi kallar navigasjonssystemet BeiDou som på (transkribert) kinesisk, ikkje Karlsvogna.
Det er framleis tradisjon for det, men med sprikande og motstridande krefter og tendensar. Namn er (språk)politikk, og i tilfellet Belarus (som eg konsekvent nektar å seia og skriva - med unnatak av situasjonar som denne diskusjonen) var det UD som av (for meg) ukjende men truleg politisk motiverte grunnar endra det norske namnet frå Kviterussland, synkronisert med tilsvarande departement i Sverige og Noreg. Det er fleire ting å leggja merke til i denne namneendringa:
- Språkrådet vart ikkje rådført - sjølv om endringa vart koordinert på nordisk nivå har nokre språk/land valt å ikkje endra: islandsk og finsk nyttar framleis det tradisjonelle namnet; dette vert ekstra merkeleg i Finland, der dei altså på svensk no seier «Belarus» (fordi dei på svensk i Finland fylgjer språkvedtak gjorde i Sverige) medan dei på finsk seier Valkovenäjä, som heilt direkte tyder Kviterussland. - Noreg har ikkje endra namn på Estland (men på Lettland > Latvia, trass i at Sverige ikkje har gjort det)
I det heile er normeringa av utanlandske stadnamn (inkl landsnamn) svært inkonsekvent og tilfeldig. Dette er synd, og speglar ei manglande forståing av namn som språkleg kulturarv og som ein del av språket vårt. Og i tifellet med Kviterussland så er det ekstra problematisk: kvifor skal eit anna land normera norsk språk, når det ikkje finst rassistiske eller diskriminerande undertonar i det tradisjonelle namnet?
Om namn i teknologiverda:
Dei aller fleste slike namn er engelske, som vi alle sjølvsagt veit. Og formålet med arbeidet knytt til denne lista er jo å byta ut (vanlegvis) engelsk med norske alternativ. I dei vurderingane bør namna vera med, dei kan ikkje reint prinsipielt vera eksluderte.
Samtidig er det klart at det er skilnad på namn. Så til sjuande og sist er det ei vurdering frå gong til gong. Internett har vore nemnt. Eit anna døme som i mine augo udiskutabelt burde omsetjast er Bluetooth, og hovudargumentet treng vel ikkje nemnast på denne lista. Eg kan leggja til eit anna argument: standarden har ikkje berre eit namn på engelsk, men òg eit symbol som er godt etablert og lett gjenkjenbart. Det burde difor vera uproblematisk å omsetja namnet (tilbake til originalnamnet) i lag med symbolet, eg kan vanskeleg tenkja meg at det er mange som blir forvirra av det. Men å endra namnet på Word til noko anna kan ein knapt tenkja seg.
Hovudproblemet med dei i hovudsak engelske namna er at dei i praksis er ei form for tvungen anglifisering. Vi slepp ikkje unna namna, og dermed slepp vi heller ikkje unna engelsken, sjølv om vi skulle vilja det. Så difor er det all grunn til å diskutera namn òg.
Eg synest Allheimen er eit godt ord i seg. Om det er eit godt namn på det som blir diskutert i denne tråden har eg for lite kunnskap om til å ha sterke meiningar om.
Sjur