Torsdag 25. juni 2009 19.41.19 skreiv Eirik U. Birkeland:
Hei. Eg tok meg ei økt på nynorskomsetjing av KTorrent her i stad og såg etter kvart at Fellesordlista ikkje er heilt oppdatert på orda som er relaterte til dette. Eg tenkte difor å kome med nokre framlegg til nye oppføringar til ordlista. Dette er dei omsetjingane eg har brukt i nynorskomsetjinga så langt, men alle er sjølvsagt opne for diskusjon før dei vert lagde inn:
torrent → torrent (ikkje filstraum) tracker → sporar peer → delar? seeder → delar leecher → nedlastar chunk → blokk swarm → sverm
Grunnen til spørsmålsteiknet ved peer er at eg ikkje har heilt klart for meg skilnaden på ein «peer» og ein «seeder». Omfattar «peers» kanskje både «seeders» og «leechers»? Kva kan i så fall vere eit fellesomgrep for desse to?
Peer er eit vidare definert ord som ikkje er direkte knytta opp mot fildeling.
Ein peer i eintal gir ikkje mykje meining, fordi ein som regel treng fleire (peers), som betyr likeverdige. I eit p2p-nettverk er det dermed snakk om likeverdige noder som kommuniserar direkte med kvarandre i motsetning til klient-tenar oppsett der klienten og tenaren har forskjellige roller.
Ein peer i denne samanhengen er dermed programmet (klienten) du brukar som dermed kan fungere som både seeder og leecher. Eg veit ikkje om peer har eit godt alternativ på norsk, til dømes er vel peer pressure det samme som gruppepress
Lars Ivar Igesund