On 16 Sep 01, at 16:29, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Sundag 16. september 2001 17:07 skreiv Jon Grepstad:
OK. Eg las den opphavlege meldinga litt raskt. Men andre delen av ordet ("merking") bør kanskje vere den same som ein brukar for "highlighting" generelt? "Syntax highlighting" er eit undertilfelle av "highlighting".
'Merking' og 'markering' er lett å forveksla, og eg er i grunnen einig i at det her er snakk om 'markering' (evt. 'utheving'). 'Merking' vert elles brukt om det å merka tekst for t.d. kopiering.
Eg er einig i at det er lett å forveksle "merking" og "markering".
'Utheving' er vel i grunnen eit generelt uttrykk, men ein eller annan plass (Microsoft? Word Perfect?) har eg lært at det spesifikt tyder feit skrift. Fordi eg forbind utheving med feit skrift, er eg litt nølande til å bruka 'syntaksutheving', men for alt eg veit kan det jo berre vera min vrange fantasi ;-)
I vanleg typografi kan "utheving" realiserast gjennom halvfeit eller feit skrift eller ved understreking eller kursiv. I tillegg kan ein bruke fargar. Det siste er meir vanleg i dataprogram enn i typografi på papir.
Ut frå den forklaringa du gav av "syntaksmerking" i første meldinga, synest eg (etter å ha skjlnt betre kva det er tale om) at "syntaksmerking" er ei grei omsetjing. Eg likar også "syntaksmerking" betre enn "syntaksutheving". Eg veit ikkje rett kvifor, men kanskje fordi "syntaksmerking" er ei staving kortare enn "syntaksutheving".
Derimot meiner eg at den bokmålsomsetjinga du nemnde - "opplysing" - ikkje er god.
Jon Grepstad