Axel Bojer:
Jeg synes kantutjevning er helt fint.
Eg òg. Kantutjamning er ordet å bruka.
- «Hinting». Eg har ikkje funne noe greitt ord for dette på norsk.
Funksjonen blir forklart slik i hjelpeteksten (i mi omsetting):
"«Hinting» betyr å gjere endringar i omrisset til skrifttypane slik at teksten blir tydelegare når skrifttypen er liten."
Hmm, kanskje «hinting» er greit ... Eller gjetting? «Lag skarpere skrift» kunne jo vært tipsteksten kanskje?
«Hinting» er det rette ordet; «gjetting» det er heilt på jordet.
«Lag skarpare skrift» er feil.
Det som skjer, er at skriftformene vert forvrengt, slik at dei ser bra ut ved oppteikning på skjermen.
Eksempel 1: Opningen i ein toetasje «a» kan bli so liten at han blir heilt fylt ut ved små skriftgrader. Hinting kan kunstig utvida han, slik at det vert ein tom piksel der.
Eksempel 2: Sjå på «A»-en i for eksempel Times New Roman. Eine skråstreken er mykje tjukkare enn den andre. Ved små skriftgrader kan dette føra til at eine streken vert éin piksel tjukk, og den andre (eller delar av den andre) vert to pikslar tjukke, noko som ser forferdelig ut. Hinting kan forvrenga den tjukke streken slik at han vert tynnare, og berre vert vist med éin piksel.
Eksempel 3: Sjå på ein «H». Sjølv i skrifter der begge dei loddrette strekane er like tjukke, kan ein få situasjonen der eine vert teikna med éin piksel og den andre med to, fordi eine streken tilfeldigvis treff midt på ei pikselgrensa, og den andre midt mellom to. Hinting kan flytta eine streken slik at begge strekane kjem likt i forhold til pikselgrensene.
Sjå grafiske eksempel på http://blogg.huftis.org/artiklar/skrifthinting/