Dette var svært opplysande. Takkar så mykje for arbeidet du legg ned her. Ser ut til at eg må skifte meining igjen. Heldigvis ikkje noko stort problem sidan ønskjet er å gjere tekstane mest mogleg forståelege for «folk flest». Har ikkje tid i kveld til å vurdere dette og eventuelt endre omsetjingane, men truleg ein av dei næraste dagane. Tar vel litt tid før omsetjingane kjem ut til folket, så det hastar ikkje så overveldande.
Helsing Kolbjørn
Den 12.04.2021 20:12, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 11.04.2021 22:21:
Ser at Fellesordlista bruker "register true → sett i kegel [typografi]". På bokmål er det også brukt kegel i omsetjinga. Kanskje det likevel er den beste nemninga?
Det er iallfall mykje mindre forståeleg for meinigmann, viss det er eit kriterium. ;)
(Ja, eg har skift meining). Kegel kjem frå blysatsen og er/var høgda på blokka som held bokstavane/teikna. Typografane kunne regulere linjeavstanden ved å setje inn strimlar under eller oftast over kegelen. (Ein eller anna staden fann eg at det skulle uttalast slik det blir skrive, altså ikkje «kjegel». Har ikkje lydskrift i e-postprogrammet). Dagens elektroniske system oppnår det same ved å setje tekstlinjene i eit register, så ut frå dette ville «Sett i register» eller noko liknande nok vere den beste omsetjinga.
Eg meiner framleis «Lås til registerlinjer» (ev. «Juster til registerlinjer», ev. i bunden form – «registerlinjene») er den beste løysinga.
Men merk at register ikkje har ikkje noko med «elektroniske system» å gjera. NAOB definerer det slik (https://naob.no/ordbok/register):
2 TEKNIKK, TYPOGRAFI det at stillingen til to eller flere elementer i et system er nøyaktig tilpasset hverandre | jf. registerkjede SITAT: for første gang [gjennomførte Gutenberg] med pinlig nøyaktighet rett utslutning av linjene og sørget for at kolumnene på begge sider «holdt register» (Wilhelm Munthe Boknåm 33 1943)
Det er altså belegg for dette iallfall tilbake til 1943. (Og av dei nyare belegga har me jo Bertheussen-saka, der «registeravvik» på frimerke var eit viktig bevis.)
Angåande «register-true», så har det kjempelenge stått dette i hjelpeteksten i LibreOffice:
Register-true is a typography term that is used in printing. This term refers to the congruent imprint of the lines within a type area on the front and the back side of book pages, newspaper pages and magazine pages. The register-true feature make these pages easier to read by preventing grey shadows from shining through between the lines of text. The register-true term also refers to lines in adjacent text columns that are of the same height.
When you define a paragraph, Paragraph Style, or a Page Style as register-true, the base lines of the affected characters are aligned to a vertical page grid, regardless of font size or of the presence of graphics. If you want, you can specify the setting for this grid as a Page Style property.
Men etter det eg kan sjå, er påstanden «Register-true is a typography term that is used in printing» berre tullprat. Eg finn iallfall ingen andre nettsider enn dei som handlar om LibreOffice, OpenOffice eller StarOffice (som LibreOffice er bygd på), som brukar omgrepet. Kanskje er det basert på ei feilaktig omsetting frå tysk (StarOffice, inkludert kommentarane i kjeldekoden, var opphavleg på tysk). Den nynorske omsettinga av avsnitta ovanfor har vore:
Set i kegel er eit typografisk uttrykk som vert brukt ved utskrift. Uttrykket viser til lik plassering av linjene på framsida og baksida av arket. Då vert sidene lettare å lesa, sidan ein unngår at grå skuggar vert synlege gjennom arket mellom linjene. Funksjonen sørgjer òg for at linjer i spalter som ligg ved sida av kvarandre får same høgd.
Når eit avsnitt, ein avsnittsstil eller ein sidestil er sett i kegel, vert grunnlinjene til teikna plasserte etter eit fast rutenett, uansett kor stor skrifta er eller om det er bilete i teksten. Dersom du vil, kan du tilpassa rutenettet som ein eigenskap ved sidestilen.
Men i LibreOffice 7 har dei gått vekk frå omgrepet «register-true» (som altså truleg aldri har funnest som eit typografisk omgrep), og avsnittet er no:
Page line-spacing refers to the coincident imprint of the lines within a type area on the front and the back side of a page. The page line-spacing feature makes a page easier to read by preventing gray shadows from shining through between the lines of text. The page line-spacing term also refers to lines in adjacent text columns, where lines in different columns use the same vertical grid, thereby aligning them vertically with each other.
Page line-spacing printing is particularly useful for documents that will have two pages set next to each other (for example, in a book or brochure), for multi-column layouts, and for documents intended for double-sided printing.