Finst det eit (typografisk) omgrep på norsk for "Page line-spacing"?
Frå hjelpteksten for LibreOffice: "/Page line-spacing//refers to the coincident imprint of the lines within a type area on the front and the back side of a page. The //page line-spacing//feature makes a page easier to read by preventing gray shadows from shining through between the lines of text. The //page line-spacing//term also refers to lines in adjacent text columns, where lines in different columns use the same vertical grid, thereby aligning them vertically with each other./"
På tynt papir vil linjene på motsett side av ei dobbeltsidig utskrift skine igjennom arket og vere meir eller mindre synlege på den andre sida. "Page line-spacing" går ut på å justere linjene opp og ned i ei dobbeltsidig utskrift slik at linjene på begge sidene av arket «treff» kvarandre for å gjere gjennomslaget av linjene på motsett side mindre synleg.
Så lenge omgrepet er definert, går det vel an å bruke «sidelinjeavstand», men kjekkare å bruke ein fagterm dersom denne finst. («Sidelinjeavstand» seier vel elles ikkje så mykje om kva dette går ut på).
Det er også ein kommando: "Page line-spacing (register-true)" som eg ikkje finn ut av. På dansk er dette omsett med «Side-linjeafstand (hold register)». Eg finn ingen definisjon eller forklaring på "register-true".
Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.04.2021 18:26:
På tynt papir vil linjene på motsett side av ei dobbeltsidig utskrift skine igjennom arket og vere meir eller mindre synlege på den andre sida. "Page line-spacing" går ut på å justere linjene opp og ned i ei dobbeltsidig utskrift slik at linjene på begge sidene av arket «treff» kvarandre for å gjere gjennomslaget av linjene på motsett side mindre synleg.
Dette vert òg kalla «grid typesetting» på engelsk. Meiner å hugsa det heiter «register» på norsk. Ein set teksten slik at linjene står «i register».
Karl Ove Hufthammer skreiv 09.04.2021 18:55:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.04.2021 18:26:
På tynt papir vil linjene på motsett side av ei dobbeltsidig utskrift skine igjennom arket og vere meir eller mindre synlege på den andre sida. "Page line-spacing" går ut på å justere linjene opp og ned i ei dobbeltsidig utskrift slik at linjene på begge sidene av arket «treff» kvarandre for å gjere gjennomslaget av linjene på motsett side mindre synleg.
Dette vert òg kalla «grid typesetting» på engelsk. Meiner å hugsadet heiter «register» på norsk. Ein set teksten slik at linjene står «i register».
Ja, dette vart vist diskutert «her på lista» for 18 år sidan:
https://i18n-no.lister.ping.uio.narkive.com/bkI0Y7NM/oo-kvalitetskontroll-oo...
Eg siterer frå nokre av innlegga (og har retta teiknkodingsfeil – noko som var vanleg for 18 år sidan …):
Ein bekjent i trykkeribransjen (så vidt eg hugsar er han utdanna typograf) har fylgjande forklaring:
"Uttrykket på norsk er "register", men vi har ikke noe "register-ekte/sann". Du må nok frase ....."Kan sette teksten i korrekt register". Egenskapen "..å sette i register" kan normalt slås av/på i typografiske programvarer.
Registeret kan tenkes som et sett Registerlinjer som teksten står på. Avstanden mellom registerlinjene er fast, i tillegg angir du normalt hvor langt ned på sida den første linja begynner.
"..å sette i register" gir begrenset handlefrihet til å plassere tekslinjer "hvorsomhelst" på sida, men gir gevinst i form av at alle tekstlinjers grunnlinje vil stå i et fast avstandsinterval fra toppen/bunnen av sida. Derfor den bedra lesbarheten ved to-sidig utskrift ved at gjennomskinnligheten i papiret ikke gir deg et urolig kontrastinntrykk."
[…]
Takk. Eg har fått vita at Quark brukar «Lås til register», så eg trur me går inn for det.
[…]
... eventuelt «sette på kegel», som visstnok er det verkeleg hardbarka typografar brukar. Ulempen med «register» er at folk kan blanda det saman med stikkordregister og liknande.
Elles ser eg både Adobe (https://helpx.adobe.com/no/incopy/using/aligning-text.html) og QuarkXPress (http://files.quark.com/download/documentation/QuarkXPress/8.5/Norwegian/QXP_...) brukar «Lås til registerlinjer».
Eg føreslår derfor «Registerlinjer» og «Lås til registerlinjer», avhengig av samanhengen.
Takkar så mykje. Dette var oppklarande. LibreOffice opererer med eit fast rutenett for å få linjene korrekt plasserte, altså ei form for register.
Kjenner uttrykket «sette i/på kegel» frå før, men tykkjer det er litt for spesielt. Ser at det er brukt éin stad i omsetjingane (også på bokmål) i ei innhaldsliste i omsetjingane av LibreOffice. Alle kegelstikkoda viser til "Page Line-spacing". Hugsar eg ikkje feil, er kegel namnet på den delen av blyblokka som stikk opp over bokstaven, så å variere høgda på denne vil jo endra linjeavstanden. Så kanskje kegel i ei eller anna form er meir korrekt typografisk, men lite blytypar å finne i dagens trykkeri.
Truleg er «register» meir forståeleg, særleg dersom ein veit at eit register kan vere meir enn ei innhaldsliste. Det er vel ikkje heilt gjennomført i LibreOffice, men eg har prøvd å omsetje "register", "index" og liknande med «innhaldsliste» der eg er sikker på at det er innhaldsliste som er meint. Ikkje alltid like enkelt å finne ut kva dei engelske orda står for i den aktuelle samanhengen. Blir jo litt feil å bruka «Innhaldsliste» i ein indeksert tabell :-).
Var ikkje klar over at i18n-no-lister-arkivet framleis er tilgjengeleg. Sikkert eg som ikkje har følgd godt nok med. Takk for opplysninga.
Helsing Kolbjørn
Den 09.04.2021 19:10, skreiv Karl Ove Hufthammer:

Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.04.2021 22:16:
Var ikkje klar over at i18n-no-lister-arkivet framleis er tilgjengeleg. Sikkert eg som ikkje har følgd godt nok med. Takk for opplysninga.
Det er ikkje noko *offisielt* arkiv, men narkive.com har tydelegvis på eiga hand indeksert lista og har visst eit ganske komplett arkiv (som går 20 år tilbake i tid) tilgjengeleg på:
https://i18n-no.lister.ping.uio.narkive.com/
Tilsvarande arkiv for nynorsk-, bokmål- og sørsamisklistene er:
https://i18n-nn.lister.ping.uio.narkive.com/ https://i18n-nb.lister.ping.uio.narkive.com/ https://i18n-sme.lister.ping.uio.narkive.com/
Elles har eg eit komplett «offline»-arkiv som mbox-filer for listene. Planen var å laga eit nettarkiv av desse, men det har eg nedprioritert, så eg får nok ikkje gjort det før folk begynner å masa. :) Og behovet er kanskje ikkje så stort lenger, no når narkive.com har ei arkivløysing.
Ser at Fellesordlista bruker "register true → sett i kegel [typografi]". På bokmål er det også brukt kegel i omsetjinga. Kanskje det likevel er den beste nemninga? (Ja, eg har skift meining). Kegel kjem frå blysatsen og er/var høgda på blokka som held bokstavane/teikna. Typografane kunne regulere linjeavstanden ved å setje inn strimlar under eller oftast over kegelen. (Ein eller anna staden fann eg at det skulle uttalast slik det blir skrive, altså ikkje «kjegel». Har ikkje lydskrift i e-postprogrammet). Dagens elektroniske system oppnår det same ved å setje tekstlinjene i eit register, så ut frå dette ville «Sett i register» eller noko liknande nok vere den beste omsetjinga.
Innvendingar?
Helsing Kolbjørn
Den 09.04.2021 22:16, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Takkar så mykje. Dette var oppklarande. LibreOffice opererer med eit fast rutenett for å få linjene korrekt plasserte, altså ei form for register.
Kjenner uttrykket «sette i/på kegel» frå før, men tykkjer det er litt for spesielt. Ser at det er brukt éin stad i omsetjingane (også på bokmål) i ei innhaldsliste i omsetjingane av LibreOffice. Alle kegelstikkoda viser til "Page Line-spacing". Hugsar eg ikkje feil, er kegel namnet på den delen av blyblokka som stikk opp over bokstaven, så å variere høgda på denne vil jo endra linjeavstanden. Så kanskje kegel i ei eller anna form er meir korrekt typografisk, men lite blytypar å finne i dagens trykkeri.
Truleg er «register» meir forståeleg, særleg dersom ein veit at eit register kan vere meir enn ei innhaldsliste. Det er vel ikkje heilt gjennomført i LibreOffice, men eg har prøvd å omsetje "register", "index" og liknande med «innhaldsliste» der eg er sikker på at det er innhaldsliste som er meint. Ikkje alltid like enkelt å finne ut kva dei engelske orda står for i den aktuelle samanhengen. Blir jo litt feil å bruka «Innhaldsliste» i ein indeksert tabell :-).
Var ikkje klar over at i18n-no-lister-arkivet framleis er tilgjengeleg. Sikkert eg som ikkje har følgd godt nok med. Takk for opplysninga.
Helsing Kolbjørn
Den 09.04.2021 19:10, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Karl Ove Hufthammer skreiv 09.04.2021 18:55:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.04.2021 18:26:
På tynt papir vil linjene på motsett side av ei dobbeltsidig utskrift skine igjennom arket og vere meir eller mindre synlege på den andre sida. "Page line-spacing" går ut på å justere linjene opp og ned i ei dobbeltsidig utskrift slik at linjene på begge sidene av arket «treff» kvarandre for å gjere gjennomslaget av linjene på motsett side mindre synleg.
Dette vert òg kalla «grid typesetting» på engelsk. Meiner å hugsadet heiter «register» på norsk. Ein set teksten slik at linjene står «i register».
Ja, dette vart vist diskutert «her på lista» for 18 år sidan:
https://i18n-no.lister.ping.uio.narkive.com/bkI0Y7NM/oo-kvalitetskontroll-oo...
Eg siterer frå nokre av innlegga (og har retta teiknkodingsfeil – noko som var vanleg for 18 år sidan …):
Ein bekjent i trykkeribransjen (så vidt eg hugsar er han utdanna typograf) har fylgjande forklaring:
"Uttrykket på norsk er "register", men vi har ikke noe "register-ekte/sann". Du må nok frase ....."Kan sette teksten i korrekt register". Egenskapen "..å sette i register" kan normalt slås av/på i typografiske programvarer.
Registeret kan tenkes som et sett Registerlinjer som teksten står på. Avstanden mellom registerlinjene er fast, i tillegg angir du normalt hvor langt ned på sida den første linja begynner.
"..å sette i register" gir begrenset handlefrihet til å plassere tekslinjer "hvorsomhelst" på sida, men gir gevinst i form av at alle tekstlinjers grunnlinje vil stå i et fast avstandsinterval fra toppen/bunnen av sida. Derfor den bedra lesbarheten ved to-sidig utskrift ved at gjennomskinnligheten i papiret ikke gir deg et urolig kontrastinntrykk."
[…]
Takk. Eg har fått vita at Quark brukar «Lås til register», så eg trur me går inn for det.
[…]
... eventuelt «sette på kegel», som visstnok er det verkeleg hardbarka typografar brukar. Ulempen med «register» er at folk kan blanda det saman med stikkordregister og liknande.
Elles ser eg både Adobe (https://helpx.adobe.com/no/incopy/using/aligning-text.html) og QuarkXPress (http://files.quark.com/download/documentation/QuarkXPress/8.5/Norwegian/QXP_...) brukar «Lås til registerlinjer».
Eg føreslår derfor «Registerlinjer» og «Lås til registerlinjer», avhengig av samanhengen.
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Kolbjørn Stuestøl skreiv 11.04.2021 22:21:
Ser at Fellesordlista bruker "register true → sett i kegel [typografi]". På bokmål er det også brukt kegel i omsetjinga. Kanskje det likevel er den beste nemninga?
Det er iallfall mykje mindre forståeleg for meinigmann, viss det er eit kriterium. ;)
(Ja, eg har skift meining). Kegel kjem frå blysatsen og er/var høgda på blokka som held bokstavane/teikna. Typografane kunne regulere linjeavstanden ved å setje inn strimlar under eller oftast over kegelen. (Ein eller anna staden fann eg at det skulle uttalast slik det blir skrive, altså ikkje «kjegel». Har ikkje lydskrift i e-postprogrammet). Dagens elektroniske system oppnår det same ved å setje tekstlinjene i eit register, så ut frå dette ville «Sett i register» eller noko liknande nok vere den beste omsetjinga.
Eg meiner framleis «Lås til registerlinjer» (ev. «Juster til registerlinjer», ev. i bunden form – «registerlinjene») er den beste løysinga.
Men merk at register ikkje har ikkje noko med «elektroniske system» å gjera. NAOB definerer det slik (https://naob.no/ordbok/register):
2 TEKNIKK, TYPOGRAFI det at stillingen til to eller flere elementer i et system er nøyaktig tilpasset hverandre | jf. registerkjede SITAT: for første gang [gjennomførte Gutenberg] med pinlig nøyaktighet rett utslutning av linjene og sørget for at kolumnene på begge sider «holdt register» (Wilhelm Munthe Boknåm 33 1943)
Det er altså belegg for dette iallfall tilbake til 1943. (Og av dei nyare belegga har me jo Bertheussen-saka, der «registeravvik» på frimerke var eit viktig bevis.)
Angåande «register-true», så har det kjempelenge stått dette i hjelpeteksten i LibreOffice:
Register-true is a typography term that is used in printing. This term refers to the congruent imprint of the lines within a type area on the front and the back side of book pages, newspaper pages and magazine pages. The register-true feature make these pages easier to read by preventing grey shadows from shining through between the lines of text. The register-true term also refers to lines in adjacent text columns that are of the same height.
When you define a paragraph, Paragraph Style, or a Page Style as register-true, the base lines of the affected characters are aligned to a vertical page grid, regardless of font size or of the presence of graphics. If you want, you can specify the setting for this grid as a Page Style property.
Men etter det eg kan sjå, er påstanden «Register-true is a typography term that is used in printing» berre tullprat. Eg finn iallfall ingen andre nettsider enn dei som handlar om LibreOffice, OpenOffice eller StarOffice (som LibreOffice er bygd på), som brukar omgrepet. Kanskje er det basert på ei feilaktig omsetting frå tysk (StarOffice, inkludert kommentarane i kjeldekoden, var opphavleg på tysk). Den nynorske omsettinga av avsnitta ovanfor har vore:
Set i kegel er eit typografisk uttrykk som vert brukt ved utskrift. Uttrykket viser til lik plassering av linjene på framsida og baksida av arket. Då vert sidene lettare å lesa, sidan ein unngår at grå skuggar vert synlege gjennom arket mellom linjene. Funksjonen sørgjer òg for at linjer i spalter som ligg ved sida av kvarandre får same høgd.
Når eit avsnitt, ein avsnittsstil eller ein sidestil er sett i kegel, vert grunnlinjene til teikna plasserte etter eit fast rutenett, uansett kor stor skrifta er eller om det er bilete i teksten. Dersom du vil, kan du tilpassa rutenettet som ein eigenskap ved sidestilen.
Men i LibreOffice 7 har dei gått vekk frå omgrepet «register-true» (som altså truleg aldri har funnest som eit typografisk omgrep), og avsnittet er no:
Page line-spacing refers to the coincident imprint of the lines within a type area on the front and the back side of a page. The page line-spacing feature makes a page easier to read by preventing gray shadows from shining through between the lines of text. The page line-spacing term also refers to lines in adjacent text columns, where lines in different columns use the same vertical grid, thereby aligning them vertically with each other.
Page line-spacing printing is particularly useful for documents that will have two pages set next to each other (for example, in a book or brochure), for multi-column layouts, and for documents intended for double-sided printing.
Dette var svært opplysande. Takkar så mykje for arbeidet du legg ned her. Ser ut til at eg må skifte meining igjen. Heldigvis ikkje noko stort problem sidan ønskjet er å gjere tekstane mest mogleg forståelege for «folk flest». Har ikkje tid i kveld til å vurdere dette og eventuelt endre omsetjingane, men truleg ein av dei næraste dagane. Tar vel litt tid før omsetjingane kjem ut til folket, så det hastar ikkje så overveldande.
Helsing Kolbjørn
Den 12.04.2021 20:12, skreiv Karl Ove Hufthammer:

Då har eg endeleg fått sett inn «Lås til registerlinjene» for "Page line-spacing" i tekstane. Så får vi sjå kva tid dette når ut til alt folket. Takk for mange gode tips og hjelp.
Helsing Kolbjørn
Den 13.04.2021 21:34, skreiv Kolbjørn Stuestøl: