Petter Reinholdtsen skreiv 08.02.2024 09:04:
Jeg kjenner ikke Zilip, så der kan jeg ikke uttale meg, men for LibreOffice på i hvert fall Linux, så*må* en ikke be om å få lagt inn støtte for et språk.
[…]
Poenget er at enhver_kan_ legge inn nye oversettelser til programmer uten å be om lov.
Og det er ein av fordelane med fri programvare, kan eg legga til … :)
Når det er sagt, så har eg omsett ein del fri programvare dei siste 20+ åra, og så vidt eg kan hugsa, har eg aldri¹ fått nei ved førespurnad om å legga til ei offisiell omsetjing for nynorsk. Så så lenge ein held seg til fri programvare der det ikkje står store selskap bak, er nok problemet med å få med omsetjingar «oppstraums» nesten ikkje-eksisterande.
¹ Med eitt slags unntak, men det gjeld Qt, som òg er kommersiell programvare. Der fekk eg ved siste forsøk ikkje lov til å oppdatera nynorskomsetjinga (som var gjort av meg sjølv nokre år tidlegare!), sidan dei ikkje hadde nokon interne utviklarar til å kvalitetssikra ho.