Den 02.06.2020 20:27, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 29.05.2020 21:47:
Difor kjem eg truleg tilbake med fleire spørsmål, men kan byrje med dette: "OPT_TOUCH": "Returns the pricing of a touch / no-touch option, calculated using the Black-Scholes option pricing model."
Eg fann ei fyldig forklaring på touch i finansiell samanheng på https://www.investopedia.com/terms/o/onetouchoption.asp, men kva heiter dette på norsk? Eller er bruksområdet så lite at det ikkje treng omsetjing?
Det er jo mykje engelsk ute og går i finansverda, og det ser ut til at òg dette vert brukt uomsett på norsk:
https://danskebank.no/PDF/Business/MiFid/02valutaopsjonsforretninger.pdf
Takker for fyldig og opplysande svar. Her var det mykje aktuelt stoff for meg, dvs. for omsetjinga. Eg søkte på nettet, men denne fann eg ikkje. Eg rekna med at det engelske namnet er brukt og har brukt det i omsetjingane mine også, men nokre andre småting bør reviderast ut frå teksten du lenker til.
Forresten bør Black–Scholes skrivast slik på norsk, altså med tankestrek, ikkje bindestrek (sidan det er oppkalla etter to personar, Black og Scholes).
At originalteksten bruker bindestrek i "Black-Scholes" la eg ikkje merke til, men det skal eg ordne.
Helsing Kobjørn