Eg driv og omset pgAdmin3 til norsk. I første omgang bokmål, kanskje nynorsk seinare dersom eg får tid.
pgAdmin er eit grafisk grensesnitt for administrering av PostgreSQL. Tidlegare versjonar er skrivne i Visual Basic. pgAdmin3 kjem i beta no slutten av juli og er omskriven til C++ og wxWindows. Det er den første versjonen som køyrer under unix.
Eg tenkte eg skulle prøva å få omsetjinga i tråd med det som var brukt i Skolelinux, men det var lite eller ingen databaseterminologi i fellesordlista.
Eg vil gjerne ha inspel på eit par omsetjingar/forslag til omsetjingar. Er desse i tråd med det som eventuelt elles er brukt? Bør ein i det heile omsetja alle desse? Medan ting som «tabell» og «indeks» er openbart like utrykka som blir brukt SQL, er «utløysar» relativt fjernt frå SQL-en pgAdmin er eit GUI for. (Lista er ei blanding av generelle databasetermar og PostgreSQL-ismer.)
Engelsk term Bokmål Evt. nynorsk
query spørring spørjing column kolonne row rad constraint skranke foreign key fremmednøkkel framandnøkkel primary key primærnøkkel uniqe constraint entydighetsskranke ? schema skjema aggregate aggregat sequence sekvens join join privileges privilegier privilegium trigger utløser utløysar trigger function utløserfunksjon utløysarfunksjon conversion konvertering cast typekonvertering check constraint ? view view?
Eg trur Oracle bruker «utsnitt» for view. Er dette ein term ein bør bruka? Eg synest ikkje er særleg treffande, og eg vil ikkje tru at mange vil finna «Opprett utsnitt» som eit logisk val for å laga eit VIEW. Er det greit å berre bruka «VIEW»? Eller kanskje visning/vising?
Er det nokon som har ein god term for «check constraint»?
«schema» som brukt over er SQL-skjema (~namerom), ikkje skjema som brukt i relasjonsmodellen.
«sequence» er PostgreSQL sitt namn på inkrementelle nøkkelgenerarotar.