Den 28.07.2024 11:56, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 26.07.2024 19:36:
Nå blir det vlir vonleg nokre diskusjonar omkring ord og omsetjingar i lista nedanfor som bør med i fellesordlista eller ikkje. Eg kan byrje med "call". I programmering er det mykje call til subprogram og skript o.l. Der har eg brukt «oppkall av» og «kalla opp» delprogram / skript i diverse rettleiingar (ikkje i programma). (Ein skal vel vera nokså vrang om ein påstår at oppkalling i denne samanhengen er det same som å kalla opp bestefar). Så kanskje dette bør leggjast til eller erstatte «påkalle». Språk er jo mykje vaner, så eg kan gjerne påkalla høgare makter, men ikkje eit skript. For andre kan dette vere same tingen.
Einig i at «påkalle» ikkje er bra. Eg har tidlegare brukt «kalla» for verbet og «kall» for substantivet. Eksempel:
Kommandoen «%2» vart kalla med %3 parametrar, men treng berre éin. og Dette er eit Linux-spesifikt kall.
Eg synest òg «kalla opp» er greitt. Men «kalla» (dvs. «kalle» på bokmål) og «kall» er jo kortare og like lett å forstå, så me kan kanskje halda oss til det?
Ikkje noko problem. «Kall(a)» er enkelt og greit.
Så har me sjølvsagt ordet «call» utanfor programmeringssamanheng, eks. «video call», som gjerne kan vera «videosamtale» på norsk. Men det treng me kanskje ikkje føra opp? Eller bør det stå noko der, for å unngå at folk trur at «call» *alltid* må omsetjast til «kall(e)».
Trur nok at omsetjarane er såpass oppegåande at dei skjønar skilnaden, men bør kanskje ta med "call" i tydinga samtale for å vere sikker. Kanskje også «ringe (opp)».