Hei. I samband med omsetjing og vask av brenneprogrammet k3b, lurer eg på kva de synest om ordet «å rippe». Det er ei norvagisering av engelsk «to rip», som tyder at ein kopierer innhaldet på ei CD-/DVD-plate over til datamaskina, så t.d. musikken eller filmen kan brukast der (eller leggast over på MP3-spelarar o.l.) Denne tydinga av ordet «å rippe» står ikkje i ordboka (endå?), men er allereie teken i bruk mange stader. Sjå til dømes desse nettadressene:
http://windowshelp.microsoft.com/Windows/nb-NO/Help/8cdf16df-e5e0-4031-9af4-... http://windowshelp.microsoft.com/Windows/nb-NO/Help/9f360320-bc2f-4318-bbd5-...
Nokre døme på bruk: *«Rip CD» *«Ripping music from CDs»
Så kva meiner de? Er dette eit ord som allereie er så mykje i bruk i norsk at vi kan/bør bruke det i omsetjingane, eller har de framlegg til andre gode ord som kanskje seier meir enn «å rippe» gjer?
– Eirik U. Birkeland