Er det så at der det berre står eit formelnamn i merknad-kolonna, er dette det gamle namnet? Og er det berre dei nynorske omsettingane som er i spel no, eller òg dei bokmålske?
Eigentlg skjønar eg ikkje kvifor ACOS o.l. treng omsetting. Same med BETA.INV. Det er forkorta på engelsk, så kvifor ikkje på norsk? Den same forkortinga funkar like bra på norsk. Men som eg har vore inne på i tidlegare diskusjonar, kan der vera lurt å følgje norsk Excel i mange slike tilfelle. Eg vil tru at det er det vanlegaste samanlikningsgrunnlaget for flesteparten av dei norske LO-brukarane. Sjølv brukar eg nynorsk, bokmål og engelsk LO og norsk og engelsk Excel om kvarandre, så eg ville likt om det òg var mindre skilnader mot engelsk, men eg trur vi bør prioritera jamstilling av dei norske versjonane.
Med venleg helsing Thomas Nygreen
2013/12/7 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no
I betautgåva av LibreOffice 4.2 er det gjort ein del forandringar i formlane. Oversynet mitt på http://www.stuestoel.no/office/LO-4.2.phpbygger på beta 1.
Noen formlar har gått ut, andre er komne til. Ein del er rydding for å gjera dei engelske formelnamna meir eins i oppbygging.
Ein del formlar har bokstavane P og S etter punktum (T.d. COVARIANCE.P OG COVARIANCE.S). P står for population og S for sample. Sidan desse er brukte også på norsk tidlegare, har eg også brukt P og S i dei nye forslaga. Kan faktisk forsvarast dersom vi omset population til populasjon og sample til stikkprøve.
For å forenkla bruken, burde vel tilleggsfunksjonane for ein formel koma etter hovudordet. Nå er t.d. BETA.INV omsett til INVERS.BETAFORDELING medan FINV er omset til FFORDELING.INVERS. Det mest fornuftige ville vel vera å bruka BETAFORDELING.INVERS? INV er forresten av og til omsett til INVERS og andre gonger til INV. Kanskje litt konsekvens hadde vore på sin plass her også?
På nynorsk har eg endra DERSOM til VISS i alle formlane.
Overgangen frå 4.1 til 4.2 er ikkje så svært stor, men stor nok til å diskutera funksjonsnamna?
Håper noen som har greie på dei ulike disiplinane innan matematikken, og andre aktuelle fag, kan hjelpa til her.
Det meste av brukargrensesnittet (UI) for 4.2 er nå omsett til nynorsk. Det som manglar er ord som eg ikkje er sikker på samanhengen til. "Index" t.d. kan jo vera så mangt. Reknar med at eg har bomma litt på noen omsetjingar. Det er ikkje så enkelt sidan det ikkje er råd å sjå omsetjingane før ved neste utgåve.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no