ty. den 19. 08. 2025 klokka 16.33 (+0300) skreiv Sjur Moshagen:
Hei! Er det nokon som har forslag til omsetjing av det engelske ordet ‘slug’ slik det er brukt av programmerarar?
Døme:
«Missing build number or pipeline slug»
https://en.wikipedia.org/wiki/Clean_URL#Slug https://en.wikipedia.org/wiki/Slug_(publishing)
både GitHub og GitLab brukar "slug" om sti-delen av URL-en til prosjektet eller pipeline (kva ord skal vi bruke der, forresten?), men generelt er det berre ein normalisert menneskelesbar ID av eit namn, f.eks. med store bokstavar gjort om til små bokstavar og mellomrom gjort om til understrek eller bindestrek.
eksempel: om ein journalist skriv artikkelen "Flåttvarsel på Sørlandet", vil to vanlege slug-variantar for dette vere "flattvarsel_pa_sorlandet" eller "fl_ttvarsel_p_sorlandet" - desse kan då brukast i URL-en for å balansere behovet mellom menneskelesbart og maskinlesbart. poenget er likevel at dette skal vere unikt, som om journalisten skreiv om dette forrige sommar også, må algoritma leggje på eit løpenummer el.l.
Eg har spurt opphavsmannen om ikkje ID, string, tag el kunne fungera som synonym, men etter hans meining har dei alle ulik tyding frå «slug», og fungerer ikkje. Eg er for lite programmerar til å forstå bruken av ordet hjå slike fagfolk, men kanskje sume her på lista har gode forslag?
einig i at det vil forflate terminologien. mitt beste framlegg i farta, i alle fall i GitLab-kontekst, er "sti".
Ordet står ikkje i fellesordlisa.