Den 25. juli 2015 05:52, Arno Teigseth skreiv:
Jeg bruker gjerne denne lista en del i oversetting:
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Vet ikke helt om dette er riktig sted å spørre, men har vi noe standard ord for "swipe" (langsetter-bevegelse med finger på en tablet) og for "touch" (punktberørelse med finger, ikke museklikk, på tablet)
Språkrådets datatermliste http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/Ordlister/Datatermar/ har:
bokmål: *dra* nynorsk: *dra*
engelsk: /swipe/
*Definisjon/forklaring* rørsle der ein beveger ein finger raskt over ein trykkskjerm http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/Ordlister/Datatermar/#trykkskjerm
og
bokmål: *dra fort* synonym: *flikke* nynorsk: *dra fort* synonym: *flikke*
engelsk: /flick/
*Definisjon/forklaring* rask rørsle med éin finger for å bla på ein trykkskjerm http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/Ordlister/Datatermar/#trykkskjerm
*Kommentar* /Flikke/ er henta frå fotballterminologien, der ordet nyttast om å sende ballen raskt vidare med minimal kontakt
«Touch» står ikkje på lista, men ei naturleg omsetting er «trykk» (imperativ). Det brukar me faktisk ofte i staden for «klikk», jf. dei språklege retningslinjene http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html#destHeader31:
Unngå ordet «klikk». Eit museklikk er sjeldan den einaste måten å utføra ei handling på. Bruk heller «trykk», «vel» eller «bruk».
Kanskje en idé å få dem med på lista?
Eg har no oppdatert lista med «swipe», «flick» og «touch», pluss lenkje til Språkrådets datatermliste (så får me sjå kor lenge den varer – Språkrådet har jo for vane å øydelegga alle nettadressene sine med jamne mellomrom, utan noko automatisk vidaresending *murre, murre*).