Yngve Spjeld-Landro skreiv 26.05.2022 01:22:
Eksempel på tekstar eg skal setja om, er «Manage loop devices» og «Authentication is required to set up a loop device».
Meiningar eller forslag til kva me skal kalla dette på norsk (eller kva det*vert* kalla)? Det er jo eit ganske tekniske omgrep, så til nød kan eg bruka «loop-eining». Men eg hadde føretrekt noko meir norsk.
Kan 'lagringsnode' eller 'virtuell lagringsnode' brukast? Vil sjølv hella mot det første alternativet.
Takk for alle forslag som har komme inn. Eg har notert desse forslag (for anten «loop», «loop device» *eller* tilknytte omgrep):
– diskbilete – diskbileteeining – virtuell disk – virtuelt drev – virtuell enhet – diskfil – diskavtrykk – lagringsmedium – biletfil – loop-enhet – lagringsnode – virtuell lagringsnode
For sjølve fila, synest eg «diskbilete»/«diskbiletfil» er best. I nokre samanhengar kan ein kanskje bruka «biletfil», men utan kontekst får ordet meg mest til å tenka på for eksempel JPEG- og PNG-filer.
Men akkurat i denne samanhengen er det ikkje diskbiletfila det er snakk, men sjølve eininga. Litt meir kontekst: Eg set om udisks2, som har litt under 500 ganske tekniske tekstar om diskar, stasjonar, lagringsområde, frittståande lagringsmedium (som CD-ROM), filsystem og liknande. Det er typisk meldingar ein får opp når ein prøver å montera/avmontera ein «disk» (i vid forstand) eller når ein ber om informasjon om ein disk.
Opphavet til arbeidet er at eg begynte å bli ganske lei av å få opp ei melding på *dansk* når eg skulle avmontera ein ekstern harddisk: «Der kræves godkendelse for at afmontere Disknamn (/dev/sdc1) monteret af en anden bruker». Så viser det seg òg at den danske omsettinga eigentleg er feil. Det er ikkje snakk om godkjenning («authorization»), men autentisering («authentication»). (Sjølv om det i *praksis* fungerer som ei slags godkjenning.)
Det er snakk om fleire typar «devices» (encrypted device, system device, loop device, …). Og for «loop device» stemmer det at det er snakk om det me set opp med losetup-kommandoen. Vil gjerne bruka ordet «eining» («device»), sidan det er det eg brukar for dei andre einingstypane.
Av dei ulike alternativ sit eg att med to alternativ, «diskbileteining» (ev. med bindestrek, «diskbilet-eining») og «loop-eining». Den første er lettare å forstå om ein ikkje veit frå før kva det er snakk om. Men om ein brukar «losetup» o.l., bør ein vera veldig klar over kan ein driv med, og gjerne kjenna den engelske terminologien. Så eg held ein knapp på «loop-eining». (I meir *ikkje-tekniske* samanhengar er «diskbilete» meir naturleg.)
På dansk brukar dei «loop-enhed» og på svensk «loop-enhet». På tysk finn eg orda «Schleifen-Geräte»/«Schleifengeräts». Eg kan lite tysk, men «Schleifen» er vel opphavet til det norske ordet «sløyfe», altså ei direkte omsetjing av «loop».