Eit svært spanande og vanskeleg spørsmål.
Hovudframlegg:
* innhaldsmarkering - å innhaldsmarkera/ å skriva/laga ei innhaldsmarkering
I same «ånd»:
* innhaldsframheving - å innhaldsframheva
Eventuelt:
* innhaldsmarkør – å skriva/laga innhaldsmarkørar
(I tillegg har eg vurdert og forkasta mellom anna innhaldsmerke, innhaldsmerknad, ettermarkering, innteikning, attåtmerknad/attåtmarkering, tilleggsmerknad/tilleggsmarkering, hjelpetekst, hjelpepåteikning, hjelpemarkering.)
Grunnen til at eg. held ein knapp på innhaldsmarkering og/eller innhaldsframheving (framfor innhaldmerke og innhaldsmerknad) er at det passar best til bruk i bilete - iallfall i dei tilfella der «annotation» glid over i å vera ei kraftig endring av det opphavlege biletet (i form av innteikning av piler, geometriske symbol og anna). Ei «annnotation» – både skriftlege og grafiske «annotations» – vil også ofte innebera å markera/vektleggja visse aspekt av det som vert «annotated», og slik sett passar det også med «-markering/-markør». Innhaldsmarkering/Innhaldsframheving/Innhaldsmarkør er kanskje eit litt mindre intuitivt uttrykk når det handlar om å leggja inn ein forklarande (meta)merknad til ein tekst. (Men kanskje «innhaldsmarkør» i slike tilfelle vil passa noko betre enn «innhaldsmarkering/-framheving).
Det er nyttig å tenkja på kva ei «annotation» er. Ved å berre leita med søkjemotor i verdsvevenm, kom det fram at når det gjeld «annotation» av bilete, så er innhaldsmerkelappar – labels – svært sentralt.
Ei «annotation» er ei slags tolkehjelp – teksttolkehjelp eller bilettolkehjelp. Det er snakk om «påklista» tekst eller symbol eller geometriske markeringar (t.d. ein sirkel som markerar kvar du kan klikka – i eit biletkart) som er synleg i det endelege produktet, som ein del av verket, slik som med «annoterte» bilete, men på ein slik måte at det er (relativt) klart at det snakk om noko som skal hjelpa til med å forstå «sjølve» objektet.
Når diverse fotogalleriprogra – ved hjelp av sokalla kunstig intelligens (og medverknad frå fotografen) – identifiserer personane på fotografia, og let personnamna dukka opp på biletet, så er det og ei form for «annontation». Kor «inngrodd/fast» ei «annotationu» er i biletet, vil variera – i galleriprogram er det gjerne noko du kan slå av og på, medan i eit bilethandsamingsprogram, kan du leggja til «annotation» på ein slik måte at det vert ein del av biletet (les: biletfila).
«Annotations» skal hjelpa oss å sjå kva vi ser. Eller å hjelpa oss å «sjå» kva vi les. Piler som peikar på detaljar i biletet, med ei tekst til pila, er difor ein naturleg del av bilet-annotations. Medan ei «annotation» til ein tekst, kanskje rettar merksemda mot kva slag fagterminologi eller historisk terminologi som er i bruk i teksten attmed.
I det XML-programmet eg har omsett i nokre år no,[1] er det eit par førekomstar av «annotated» – som eg til no har omsett med «oppmerkt» – fordi det var snakk om å laga geometriske figurar o.l. som skulle markera klikkbare område på biletkart. Eg vurderer no å gåver til innhaldsmarkering eller innhaldsmarkør.
[1] Sjå XMLMind XML Editor på https://xmlmind.com/xmleditor/
Leif Halvard Silli
Den 2023-03-21 20:09 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Enkelte program har ein «annotate»-funksjon. Eit eksempel er biletprogrammet Gwenview, der ein kan bruka funksjonen til å legga på blant anna tekst og (typisk raude) piler, sirklar og tal for å retta merksemda mot enkelte element på biletet. Men kva kan me kalla dette på norsk?
Hadde det berre vore snakk om tekst, hadde det vore greitt. Då kunne me kalla det kommentarar eller merknadar (med «Legg til merknad» som tekst på knappen/menyvalet). Men her kan det òg vera mange andre sortar biletelement. Nokon som har forslag til ei brukbar omsetjing?