On Sat, 2014-02-08 at 18:46 +0100, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Finst det eintydige norske omsetjingar av 1: array 2: subrutine som kan brukast i hjelp for BASIC i LibreOffice?
då eg lærte BASIC i 1983, kalla vi arrays for "matriser". veit ikkje om det vil vere meir forståeleg...
Førebels har eg brukt tabell med array i parentes der eg finn det nødvendig. For subrutine har eg brukt subrutine. Tykkjer «underrutine» verkar kunstig her. Men språk er stort sett vanar, så …
Eigentleg er vel dette ikkje noe stort problem i og med at dei truleg få som bruker BASIC i LibreOffice, er vane med både array og subrutine.
det trur eg også.