Tysdag 17. juli 2007 skreiv Axel Bojer:
"Lupe". Hjelpetekst "Forstørr eller forminsk". (Engelsk: "Zoom in & out"). meiner namnet er greitt, sjølv om verktøyet blir symbolisert av ei lupe.
Og jeg mener ordet lupe er intetsigende som tekst, den sier ingenting annet enn hva det er bilde av, og det vet man allerede. Dessuten sier jo hjelpeteksten noe annet. «Vis Større/mindre» er mitt forslag,
Eg reknar med det berre var ein skrivefeil, men det skal altså vera liten «s» i «Større» her. Eg er for øvrig einig i at dette er mykje betre enn «Lupe».
"Fyll". Ht.: "Fyll med ein farge eller eit mønsterelement". Av dei større programma bruker Photoshop "paint bucket tool" medan Corel og Paint Shop pro bruker "flood fill". Eg valde "fyll" fordi eg meinte ordet var dekkande for funksjonen. Bøttefyll er kanskje meir forvirrande?
Men hva bruker disse programmene på norsk? Det er enda mer interessant
Tux Paint brukar «Bøtte», men det er jo i ein serstilling då (verktøyet heiter vel «Bucket» på engelsk òg der, IIRC). Eg synest vel «Fyll» er det beste ordet å bruka på norsk. («For øvrig er vel flood fill ei nemning på ein spesiell type fylling/fyllingsalgoritme».)
«Slør» er ikke et verb, så i så fall må det bli tilslør.
Jo, det er eit verb:
Bokmål: II sløre v1 el. v2 (av II *slør) gjøre matt, uklar himmelen var s-t av lette skyer / gråten slørte stemmen hans
Nynorsk: II sløre v1 el. v2 el. -r, -rde, -rt [-rd] (av II *slør) gjere uklar, *dimme (II) tynne skyer slørte til himmelen / gje ei framstilling som s-r til den rette samanhengen
"Avskygg/etterbelys". Ht.: "Avskygg eller etterbelys deler av biletet". Her kunne kanskje hjelpeteksten heller ha vore "Gjer deler av biletet mørkare eller lysare". Også her mønster frå mørkerommet. Eit etterbelyst område blir mørkare enn det eigentleg skulle blitt, medan eit avskygga område blir mindre mørkt enn det ville blitt utan avskygginga. Namnevalet gjort for å heidra dei innarbeidde, men kanskje forelda, fagtermane. For folk utan erfaring frå mørkerommet, vil kanskje "bleik og brenn" vere meir forklarande? OK - eg veit at "belyse" ikkje er heilt korrekt nynorsk, men som med "beskjeringa", så er dette innarbeidd, eintydig, fagterminologi).
Som du selv sier er ikke avskygging og etterbelysning noe den gjennonsnittlige bildeprogrambrukeren lenger vil kjenne til, nødvendigvis.
Eg synest likevel det er dei beste orda, då dei er rimelig presise.