Framifrå!
Vil berre peika på at «avlysa» har vidare bruk enn møte - t.d. bryllaup og andre seremoniar kan bli avlyste. Det same gjeld «dagens time i programmering» osb.
Eg har ikkje noko samlande ord, men synest det i det minste kunne stått «(møte o.l.)». Alternativt kunne det stått «(av [sam]handlingar)»
Leif Halvard Silli
Den 26. mai 2026 21:50:55 CEST, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no l10n-no@lister.huftis.org:
Leif Halvard Silli via l10n-no skreiv 25.05.2026 21:11:
Sidan «kansellere» er med som omsetjing av «cancel», gjer eg framlegg om å ta med «avlyse» som avløysar. Dette er vårt vanlege norske ord for det å «kansellera» eit planlagt møte eller ei planlagd handling.
Ja, det har du jo heilt rett i. Godt ord. Det kan gjerne stå på andreplass, slik at det blir:
cancel → avbryte, avlyse (et møte), annullere, kansellere
Det er ikkje ofte ein får bruk for «annullere» eller «kansellere», men av og til er det dei retta orda.
-- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org