Karl Ove Hufthammer:
På http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html#destHeader5 står dei ei oversikt over kva ord og former me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettingane våre, men denne er langt frå komplett.
Eg har no lagt til nokre av endringane (dei me var nokolunde einige om) i retningslinjene:
be ikkje bede (men eg la ikkje til noko om bede vs. bedt) framfor ikkje framføre gje ikkje gi mogleg ikkje mogeleg/muleg nyheiter ikkje nyhende ressurs ikkje resurs (sjølv om eg sjølv føretrekker resurs) verta ikkje bli
I tillegg tok eg vekk oppføringa «igjen/att».
Eg skreiv ingenting om mens/medan, komma/koma eller difor/derfor. Eg endra heller ikkje mislukka til mislykka. Men viss me (dvs. de) absolutt vil ha mislukka, bør me vel endra oppføringa skyva/skuva til skuva/skyva?
For problemet -ar/-er og -de/te, skreiv eg inn dei følgjande avsnitta. Merk spesielt at me no konsekvent brukar «blanda bøying» for «å bruka» i KDE, men brukar automatisk «søk og byt ut» på filene før dei vert sende inn til KDE. (Det er ikkje lov å bruka blanda bøying, men kanskje vert det det i neste nynorsknormal?) «Å bruka» er for øvrig det einaste ordet me har blanda bøying på. Er det andre me bør ha det på («å klara», kanskje?)
Som grunnregel brukar me -ar-forma i presens av verb der me kan velja mellom -ar og -er. Me skriv for eksempel «brukar» i staden for «bruker». Men me har følgjande unntak frå grunnregelen (lista vert truleg utvida seinare [tips til utvidingar?]):
å klara – klarer – klarte
Hovudgrunnen er setninga «Klarte ikkje [utføra handling]», som dukkar opp veldig ofte i omsettingane våre. Denne synest me vil verka altfor rar med -ar-endinga, som medfører preteritumsforma «Klara ikkje [utføra handling]».
I omsettingsfilene til KDE har me òg ei anna endring, som kan sjå ut til å bryta med norma. Me brukar -ar-ending for verbet «å bruka», men bøyer det «å bruka – brukar – brukte – har brukt». Det same gjeld den tilhøyrande adjektivforma. Me skriv for eksempel «Dette er mykje brukte program» i staden for «Dette er mykje bruka program». Men slapp av: Orda «brukt» og «brukte» vert automatisk og maskinelt retta til «bruka» før innsending til KDE, slik at alle brukarane får rett form. Grunnen til at me gjer dette, er at det har vore snakk om at neste nynorsknormal frå Språkrådet, som forhåpentligvis er klar våren 2009, kan komma til å godta slik blanda bøying. Blanda bøying er veldig utbreidd både i talemålet og i skriftspråket (der det vert rekna som feil), og viss endringa går gjennom, vert me veldig glade, og vil slutta å byta ut «brukt» og «brukte» med «bruka»!
Nokre verb har valfri -de/-te i preteritum (og tilhørande former), eksempelvis «å styra», som bøyest «å styra – styrer – styrde» eller «å styra – styrer – styrte». Her brukar me i grunnregelen endinga -de. Me skriv altso «innstillinga overstyrde …» og «innstillinga vart overstyrd». Men merk at inkjekjønn må ha -te her. Det heiter altso «valet overstyrte …» og «valet vart overstyrt».
Elles, viss du er i tvil om bøyinga av eit ord, er det berre å bruka skriptet «ordbanken.sh» i mappa «i18n/skript» i SVN. Dette gjer det lett å slå opp alle formene av eit grunnord, og viser resultatet i ein oversiktlig, fargekode tabell.