On Tue, 2009-06-30 at 21:33 +0200, Sindre wrote:
On Tue, 30 Jun 2009 14:35:47 +0200, Eirik U. Birkeland eirbir@gmail.com wrote:
Då kan vi kanskje leggje til «seeder = delar» og «leecher = nedlastar»?
En "leecher" er ikke en deler. Jeg skjønner ikke helt hvor dette kommer opp i KTorrent men en "leecher" er det vi kaller en snylter på Norsk. Eller iallefall det nærmeste vi kommer en direkte oversettelse.
nettopp derfor er det veldig viktig at vi unngår ei direkte omsetjing. det er utruleg mange som trur at det går raskare å laste ned ting viss dei er oppkopla mot "seeds" i staden for "leeches", men faktum er at ein ofte vil laste ned RASKARE frå "leeches" sidan dei har eit incitament til å bruke bandbreidde på andre. alle Bittorrent-klientar vil føretrekkje å sende data til dei deltakarane som sender raskast data attende, dette vert kalla "like-for-like"-prinsippet ("tit for tat" på engelsk). ein klient som har vorte ein delar[1] har ikkje lenger noko slikt incitament, og derfor vil ferdige nedlastingar verte prioritert ned.
[1] hmm, brukt i kontekst er eg ikkje så sikker på om "delar" er så bra for "seed" likevel. kva med "opphav"?