Den 13.11.2015 21:18, Johnny A. Solbu skreiv:
On Friday 13. November 2015 21.13, Kjetil Torgrim Homme wrote:
men kanskje "spake" er betre enn "glidebrytar"?
Ja. Det er faktisk korrekt også, og er et godt innarbeidet uttrykk i bransjen.
Språk er ikkje alltid logisk eller eintydig. Eg har tidlegare arbeidd litt med lyd og lys. Der brukte vi "spakar" for å "feide" lys og lyd både opp og ned. Dette sjølv om "fade" opphavleg er å tone ut, visne. Blir litt som å heise flagget opp eller ned. Av same grunn ser eg "glidebrytar" som ulogisk. Korleis kan ein bryte straumen litt av eller på?
Men opphavet til denne tråden var vel kva knotten på glidebrytaren/spaken/fadaren skal kallast. I dei tilfella eg har vore borte i, er det nok å skrive "Ta tak i glidebrytaren", men det er kanskje spesielt tilfelle der denne skyvaren treng eit namn? Kan "skyvaren" vere eit forslag? Nemninga er brukt på flyttbare knappar på t.d. måleapparat. Eventuelt med tilføyinga "på/til glidebrytaren/spaken". (Eg går ut frå at "Fadaren"/"Faderen" ikkje blir tatt i bruk, med eller utan fornorsking).
Helsing Kolbjørn Stuestøl