Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no skreiv i innlegget news:1091280414.14516.18.camel@chico.njus.no:
Det er eit unødvendig, uforståelig engelsk ord. Dette i motsetning til reklame.
reklame kjem frå fransk, spam kjem frå engelsk.
Etymologien er ikkje av interesse. Dei fleste (?) norske orda kjem opphavlig frå andre språk.
den store skilnaden. "spam" som uteljeleg substantiv og "spamme" som verb er utan tvil godt etablert i norsk allereie, og dei lot seg lett integrere i det norske ordtilfanget. litt snodig at du seier ordet er unødvendig, når der ikkje finnest noka dekkjande omsetjing på norsk.
Eg meiner «reklame» er dekkande. Eg synest det er unødvendig å komma med eit heilt nytt ord berre fordi reklamen kjem i e- postkassane og ikkje dei fysiske postkassane våre. Det er snakk om heile same fenomen!
Om ein snakkar om reklame i e-posten forstår alle, sjølv mor mi, kva det er snakk om, heilt utan forklaring. «Spam» må forklarast. (Og sjølv då vil folk gjerne komma kranglande, og påpeika at dei har ein eller annan annan halvoffisiell definisjon av spam.)
Når ein skal velja mellom eit eksisterande, godt kjent ord (eventuelt med ei naturlig umiddelbar forståelig utvida tyding) og eit ordmessig uforståelig nytt nerdeord synest eg alltid ein bør velja førstnemnte.