Takk for gode forslag frå begge. Fleire kommentarar nedanfor:
Forslag til oversettelse: Mt pakker feil nettverks-ID
å prøve å innføre "Mt" som omsetjing av "Rx" er ein dårleg idé, synest
eg. skriv det fullt ut, og gjerne heile greia som ei setning:
"Mottatte pakker med feil nettverk-ID" (kan ikkje bruke både fuge-s og
bindestrek, trur eg?)
Jo, ein kan bruka fuge-s sjølv om det er bindestrek. Eg finn det ikkje eksplisitt nemnt på nettsidene til Språkrådet eller i boka «Godt språk i lærebøker», men på http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriveregler/tegn/Bindestrek/ står iallfall eksempelet «Utelivs-Oslo».
Det er kanskje en dårlig idé; Mt er megatonn ifølge ordbøkene på UiO :-)
Problemet er at hvis oversettelsen er f.eks. av iwconfig så er det begrenset plass tilgjengelig, slik at det å skrive uten forkortelser heller ikke er noen god idé.
Eg har ikkje klart å finna ut kor teksten vert vist. Omsettingsfila er ksgrd.po, som eg trur anten vert brukt av ksysguard eller ksysguardd. Men andre tekstar i same fil er ikkje skrivne spesielt korte, så eg trur desse berre kjem av latskap hos utviklaren.
Basert på diskusjonen, har eg bestemt meg for å gå for:
Rx Invalid Nwid Packets Mottekne pakkar med feil nettverks-ID
Rx Invalid Crypt Packets Mottekne pakkar med dekrypteringsfeil
Rx Invalid Frag Packets Mottekne pakkar med fragmenteringsfeil
Tx Excessive Retries Packets Sende pakkar med leveringsfeil
Invalid Misc Packets Pakkar med andre feil
Missed Beacons Ikkje-mottekne annonseringssignal
Det finst òg variantar av kvar tekst med «Total» framfor, eks. «Rx Invalid Frag Packets». Her har eg lagt til «totalt» etter «pakkar», eks. «Mottekne pakkar totalt med fragmenteringsfeil».
Har også lagt til omsettarkommentar for kvar tekst, med lenkje til denne diskusjonen: http://thread.gmane.org/gmane.comp.internationalization.norwegian/7254