Takker for innspela.
Alltid gode svar på denne lista :-)
Etter det eg har forstått, skal "Word Joiner" brukast som eit menyval. Det er inga forklaring i hjelpetekstane til LibreOffice på namne.
«Ordbindar» er jo, som de seier, direkte omsetjing frå engelsk, og skulle såleis høve bra. Førebels(?) har eg planlagt å bruke «ordbindar», men kanskje forslaget «ordbindeteikn» seier litt meir om kva teiknet gjer og bør brukast i staden? Kanskje kan Unicode-koden vere med slik at menyoppføringa blir «Ordbindar (Unicode U+2060)»? Veit ikkje om det blir meir forståeleg for folk flest.
Den 12.05.2021 18:30, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 12.05.2021 00:57:
Kan eg bruka «Hard bindestrek»?
I mitt hovud er dette det motsette av "hard bindestrek". Motstykket til ein hard bindestrek er ein mjuk bindestrek, "soft hyphen" (­ i HTML), ein usynleg bindestrek som markerer ein god plass å dele ordet på om det trengs.
Det stemmer. Og ein word joiner har ingenting med bindestrekar å gjera; han vil aldri laga ein bindestrek.
Me har alt eit teikn for hard bindestrek i Unicode. Det har nummer U+2011 og heiter «Non-breaking hyphen».
Nei, spørsmålet er nok ein glipp frå mi side. Kanskje påverka av den danske omsetjinga, eller at eg ikkje hadde lese den engelske forklaringa godt nok. Av og til går det litt for fort føre seg, diverre. Takker for korrigeringane.
Helsing Kolbjørn