Kjetil Torgrim Homme skreiv 24.09.2024 13:12:
interpreter – tolk, fortolker (i program) → fortolker
likar ikkje denne. "perl-fortolkaren"? nei, då vil eg heller foreslå "språktolk, om du synest "tolk" vert for kort.
Ein interpreter kan jo vera så mangt. Men eg kan la «tolk, fortolker» stå, om det er stemning for det.
matcher – samsvarer, treffer, tilsvarer står frå før i ordlista, men kan kanskje legga til «er lik»?
litt avhengig av kontekst så er "er lik" ein spesifikk samanlikningsoperator, dvs. eksakt likskap.
Ja. Det var meint som alternativ der det er snakk om slik likskap. Om for eksempel «checksums» eller «passwords» matches, kan me godt skriva at dei «sjekksummane er like» og «passorda er like» på norsk.
her er det som står i ordlista i dag:
match -s treff, samsvar match -v samsvare med, stemme overens med, passe med, finne (passende)
om vi skal ta Ole-Erik Yrvin på ordet, så er det snakk om det engelske substantivet "matcher", og då vil eg foreslå "sammenligningsmetode".
Jo. Men det ser ut som substantivet «matcher» er så sjeldant (finn ingen treff i omsetjingane), at me godt kan la det utgå.
pool – samle inn, innringe, forstår ikkje heilt forslaga, men av og til kan vel «samling» fungera? ser òg «forråd» er brukt fleire gongar
her er det verbet "pool", men substantivet bør også inn.
pool -v samle pool -s samling
OK. Ser ikkje vekk frå at det i spesifikke samanhengar kan finnast betre ord verbet, men me kan la det stå slik.
promt – ledetekst, kommandolinje står for før, men kan legga til: prompt → instruksjon [KI-samanheng]
synest i grunnen "ledetekst" fungerer veldig godt også i KI-samanheng.
For så vidt einig. Men slik det vert ståande, vert «ledetekst» eit meir generelt ord, som òg kan brukast for KI-samanheng.
purge – tvinge, fjerne → renske vekk, slette fysisk?
her er sannsynlegvis motivasjonen for ordet "apt-get purge" i Debian. det fjernar både pakken og konfigurasjonsfilene som høyrer til pakken. "renske" passar altså godt. "slette fysisk" vert litt for konkret. i e-post og lagringssamanheng kunne eg tenkje meg "slette permanent" som ei mogleg omsetjing.
Då heller «slette for godt» i staden for «slette permanent».
redundans – reserve, overskudd, overflødighet, overtallinghet
reserve-, redundant/redundans, overkapasitet?
altså, "reserve-, overkapasitet, redundant/redundans" ? veit ikkje om det er hensiktsmessig med slike forkortingsteknikkar. skriv orda fullt ut. kva med:
redundancy - feiltoleranse, reservekapasitet, overkapasitet redundant - feiltolerant, har reservekapasitet, overkapasitet (?)
Alle orda som er skilde med komma er meint som separate oppføringar (kanskje ikkje konsistent gjennomført). Første ordet var atslå ikkje meint som ei forkorting, men som eit prefiks. Kan brukast i ord som «reservedisk», «reservevert», «reserveadresse».
switch – svitsj har me noko norsk namn for dette (i nettverkssamanheng)?
i gamle dagar heitte ein switch ein bridge, altså ein svitsj var ei (nettverks)bru. men i dag er nok "svitsj" ordet som vert brukt i 99,99% av tilfella.
OK, då brukar me det. Ordet står ikkje i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka, men det står i NAOB. Og det bør jo vera godt kjent. (Som eit apropos voks eg opp med ordet «svits», som nok er det same, men då tydde det bilnøkkel.)
uncomment – avkommentere → fjern kommentering?
eg synest "avkommentere" er eit OK ny-verb.
OK, då lèt eg det stå. Altså at begge variantane står.
userspace – brukerområde OK?
som Petter seier, "brukarland" og "kjerneland". legg altså inn kernelspace også, gjerne med referanse til kvarandre?
OK. Nye ord for meg, men gode ord, synest eg.