Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org skreiv Sun, 06 Dec 2020 13:25:05 +0100
Eg omset eit par prateprogram (à la IRC) for tida. Der kan ein diskutera emne i ulike «kanalar» eller «rom». Viss ein brukar oppfører seg dårleg, kan ein (administrator) gjera ei «Kick»-handling på brukaren, som fjernar vedkommande frå kanalen/rommet.
Eg omsette meir eller mindre automatisk dette til «Spark ut». Men no begynner eg å lura på om dette eigentleg er ein anglisisme. Me kan *kan* jo sparka folk ut (eller «på dør») på norsk, men det er vel meir vanleg å seia at ein «kastar» (eller «hiv») dei ut, ikkje sant?
Kasta er betre enn sparka, ja.
Det er eitt ord til som eg lurar på. Når ein person er «kicked» frå ein kanal / eit rom, kan dei komma inn igjen. Men administratoren kan eventuelt gå meir drastisk til verks med eit «ban». Då kan ikkje brukaren komma inn i det heile teke. Eg og andre har brukt «bannlys»/«bannlysing» her. Men det høyrest veldig alvorleg, nesten religiøst, ut. Er det ikkje meir naturleg og forståeleg å snakka om «utestenging»? Kva bør i å så fall verbet i imperativ vera, «Utesteng [brukar]» eller «Steng ut [brukar]»?
Sistnemnde.
Det finst òg eit komboverb, «kickban». Her vil eg heller skriva det heilt ut, for eksempel «Kast ut og utesteng [brukar]».
"Kast [brukar] ut og steng kontoen"?