Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Måndag 12. november 2001 22:34 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Merk at det er forskjell på initialisere: setje grunnverdiar initiere: setje i gang eitt-eller-anna
Javel? Eg har sett 'initialisera' avfeid som anglisisme i ei svensk dataordliste ('initiera' var rett). 'Initialisera' finst heller ikkje i mine norske ordbøker.
$ nynorsk initiere initiere initiere v2 (utt initsie're; lat. initiare 'innvie') 1 innvie, ta opp i eit (hemmeleg) samfunn, ein orden o l 2 setje i verk, påskunde, fylle med initiativ .
Som du ser, stemmer min definisjon av initiere overeins med Nynorskordboka (puh!). Eg er einig i at initialisere er ein anglisisme og bør unngåast, men det er feil å omsetje "initialise" med "initiere".
Nokre alternativ kan vere: setje grunnverdi/utgangsverdi/utgangsinnstilling/forvalt verdi
Kjetil T.