Takk til alle for gode forklaringar og forslag.
19.8.2025 kl. 21:42 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Karl Ove Hufthammer skreiv 19.08.2025 20:34:
Viss omgrepet skal presenterast for «vanlege folk», bør ein bruka eit anna og meir forståeleg ord, både på engelsk og norsk. Viss det for eksempel er snakk om ei publiserings- eller bloggform der ein skriv ein manuell «slug» for å identifisera artiklar/innlegg med ei «fin» nettadresse, kunne ein brukt «artikkel-ID» eller «innleggs-ID».
Eit meir *generelt* (halvteknisk) norsk ord kunne kanskje vore «kortnamn».
Forslaga så langt er altså:
- kortnamn (sjå over) - sti - ingenting (men «fastlenke» for heile URL-en inkl «slug»-delen)
Eg har eit eige forslag no etter å ha forstått betre kva det gjeld:
- URL-hale
Petter Reinholdtsen etterlyste litt meir kontekst: bakgrunnen er ei nettside laga for eige bruk av språkteknologane ved UiT for å halda oversikt over byggjestatus for alle repoa vi har der (byggjer stavekontrollar, grammatikkontrollar m.m.). Utviklaren av nettsida var så greid å gjera henne lokaliserbar, og då kom spørsmålet opp. Nettsida finst her:
(berre offentlege repo om ein ikkje kan logga inn; åtvaring: bokmålsomsetjinga er ikkje like gjennomarbeidd som den nynorske)
«Slug»-teksten dukkar berre opp i to feilmeldingar, så det er kanskje ikkje så å ha han omsett. Samtidig så ville eg gjerne forstå kva som var meint (eg har fram til no sett ordet i bruk utan riktig å forstå) og samtidig gjera feilmeldinga forståeleg på norsk, så difor spørsmålet til lista.
På den same sida har eg òg omset pipeline (jf den andre forgreininga av denne diskusjonen), og der har eg valt å halda meg til det som stod i fellesordlista: kommandokø. Eg synest det fungerer greidt i denne samanhengen.
Beste helsing Sjur