On Fri, Sep 20, 2002 at 05:40:36PM +0200, Axel Bojer said:
Dessuten mente Herman at «cardbus» blir «cardbus» på norsk også. Det er et særdeles dårlig norskt ord . Pcmcia-kort går med et nødskrik, men ikke mer enn det. Problemet er selvfølgelig, at folk helst skal forstå det.
Spørsmålet er: vil folk skjønne ordet om det er omsett?
Eg trur svaret er nei, for nesten einkvar definisjon av "folk".
Folk som meg, som er teknikarar, vil _kanskje_ forstå kva som meinast, men vil elles berre fnise over at det er omsett fordi det ikkje gjev meining. (Kvifor det ikkje gjev meining er ein annan sak - om det er fordi vi ikkje kan godt nok engelsk til å verkeleg skjønne ordet eller fordi det er uoversettleg.)
Folk som far min, som overhode ikkje er datateknikar, men som likevel bruker PC, vil ikkje forstå kva som meinast - fordi den tekniske kompetansen hans ikkje er til stades. Om du kaller det kortbuss, cardbus, pcmcia-kort, pms-kort eller apekatt er revnande likegyldig: han skjønner det ikkje uansett. Dog er det ein fordel om han kan spørre nokon andre når han står fast, difor er det smart å velge eit ord som meir teknisk oppegåande skjønner - så får det vere opp til dei om eg dei vil ta seg av den pedagogiske biten og lære han kva ordet betyr - eller om dei berre vil fikse problemet hans for han.
Å ta oss av den pedagogiske delen på vegne av allverdas kortprodusentar trur eg ikkje er riktig veg å gå for dette prosjektet iallfall.
(Forøvrig skal adjektivet "norsk" ikkje bøyast i inkjekjønn ;))