Kolbjørn Stuestøl skreiv 15.01.2023 14:27:
Eg føreslår «likarklikk» («likerklikk» på bokmål).
En ulempe med dette er at det er veldig knyttet opp mot en spesifikt grensesnittprentasjon av nettsider. 'klikk' henspeiler å bruk av musklikk. Blinde bruker ikke mus, og tekstbaserte nettlesere styres typisk med tastetrykk. Har ikke noe bedre forslag.
Kunne ut frå dette føreslå «Likartrykk», som dekker også desse tilfella --- trur eg. Kan trykke med både tastatur og mus. Veit likevel ikkje om det vil slå betre an enn «Likarklikk».
Nei, til det er nok «likarklikk»/«likerklikk» for etablert. Så sjølv om det ikkje er heilt «logisk», meiner eg «likarklikk» er *akseptabelt* òg når ein brukar fingeren eller tastaturet til å gje det (når ein i framtida kan gje det berre ved å stirra, kan det heller kallast «likarblikk»). Det er nok av ord i norsk som vert brukte i ei meir vid eller smal tyding enn den bokstavlege. (For eksempel inneheld ordbøker ikkje berre *ord*, men uttrykk og forkortingar òg.)
Når det er sagt, så prøver me (jf. dei språklege retningslinjene våre) å unngå å bruka «klikk» i *brukargrensesnittsamanheng*, med mindre det er snakk om noko som berre gjeld mus/styrekuler. Gode alternativ der er «trykk», «bruk» eller «vel» («velg» på bokmål). Men dette er altså ikkje i vegen for at me kan bruka «likarklikk» i ei vid tyding (for både klikk, fingertrykk, tasting osv.).