Axel Bojer axelb@start.no skreiv i innlegget news:OF483D4D3A.B6E91154-ONC1256BFB.004E0430@akershus-f.kommune.no:
Som eg har nemnt før, synest eg «diskusjonsgruppe» blir for upresist. Ei njusgruppe er berre *ei* slags diskusjonsgruppe. I Mozilla finst det eit tilleggsprogram for lesing av vevbaserte diskusjongsrupper. Då me me kunna skilja mellom desse omgrepa.
Som oversettelse for «njusgruppe» kan man bruke «gruppe på USENET»
Meiner du det alvorlig? Dette er altfor langt til å vera brukande til noko som helst.
Om du insisterer, la begge ordene stå der .... (stavemåten er ellers OK) Er ikke «njusgruppe» litt på linje med «sørver»?
Det er ei fornorsking av stavemåten, på lik linje med eksos (exhaust), gir (gear) og kontor (contoir), ja.
Elles synest eg «njusgruppe» er eit heilt greitt ord, ikkje minst fordi det faktisk blir brukt. Ein kan òg lett laga avleiingar, som njusing (å driva med njus), njusarar (folk som deltar på njus), njuslesar &c. At «njus» er eit kort, einstavingsord gjer at det har ein god sjanse til å bli brukt. For øvrig er det «njus-» er har brukt som omsetjing i Mozilla.
Blir brukt sier du, men av hvem? Mozilla?
Av njusarar, sjølvsagt. Eg gjorde eit søk på <URL: http://groups.google.com/ > for å få litt statistikk. Søket vart av avgrensa til no.* (for å unngå støy frå andre språk), og tala viser cirkatal for trådar[1].
njusgruppe: 107 njusgrupper: 138 njusleser: 144 njuslesere: 53 njusleseren: 76 njus: 5 170 njuse: 353 njuser: 634 njusere: 1 350 njusing: 159
Elles finst det fleire andre ord med forstavinga «njus-», eks. «njusesiden» til Hanne (no Arne Olav) <URL: http://home.no.net/arneolav/njusprakt/ >.
... Legg til (tenkniskt, presis) bak node ...
OK. Men finst det ikkje-tekniske samanhenger der (engelsk) «node» blir brukt?
Ok, kast bort parantesen.
OK.
Vi synes «oppsprettsmeny» er et glimrende ord. Det er dette *vi* bruker. Sprettopp er ikke like elegant. (stryk det?).
Som nemnt på ei språknjusgruppe, konsonantkombinasjonen «ppspr» er ikkje spesielt lett å uttala. Eg synest derfor «sprettopp» er eit betre ord. «Sprettopp» er òg omsetjinga brukt i Opera.
«Forretningsspråk» er like ille som «oppsprettsmeny», til og med verre å uttale.
Og?
Vi har ingen problemer med uttalen av «oppsprettsmeny».
For meg er «oppsprett» og «sprettopp» ~like gode ord. Dei er nøyaktig like lange, har like mange stavingar, og har same tydingsinnhald. Den *einaste* forskjellen er at eine har ein vanskeligare konsonantkombinasjon. Dette er for meg ein grunn til å velja det «lettaste».
[1] Google gjev berre cirkatal, og viser berre eitt treff for kvar tråd, sjølv om det er mange innlegg i tråden som inneheld søkeordet.