On 7 Nov 01, at 7:33, Jon Grepstad wrote:
On 6 Nov 01, at 15:36, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Tysdag 6. november 2001 10:41 skreiv Jon Grepstad:
On 5 Nov 01, at 14:36, Karl Ove Hufthammer wrote:
Elles har eg ein kommentar til uttrykket 'Could not'. Eg ser at dette dei fleste plassar (iallfall i KDE og Mozilla) er omsett til 'Kunne ikkje' (eller 'Kan ikkje'), f.eks. 'Could not conect to server' --> 'Kunne ikkje kopla til tenar'. Er det ikkje betre å bruka 'Klarte ikkje', eks. 'Klarte ikkje å kopla til tenar'? Eg synest det høyrest meir naturlig ut.
Eg synest "klarte ikkje" er meir naturleg på norsk.
Kan ein då seia 'Klarte ikkje kopla til tenar', eller må ein seia 'Klarte ikkje å kopla til tenar'?
Ein kan seie begge delar. Verb som greie, klare, makte, orke i tydinga 'kunne', 'vere i stand til', kan ta infinitiv med eller utan å.
Det er omtalt m.a. i Norsk referansegrammatikk (1997), side 530. Det er også nemnt, men ikkje så fyldig omtalt, i Godt språk i lærebøker, pkt. 6.3.5.2 (side 137), som ligg i pdf-format her: http://www.sprakrad.no/laerebok.htm.
Elles ville eg bruke bunden form av "tenar" i denne setninga: Klarte ikkje (å) kople opp mot tenaren.
Ser at eg endra på setninga. Det skulle vere: Klarte ikkje (å) kopla til tenaren.
Jon Grepstad