Litt på sida, men ikkje heilt: Dersom du har ei nettside som hovudsakleg er på nynorsk, så får du ikkje (lenger) lov til å tena pengar på innhaldet:
https://support.google.com/publisherpolicies/answer/10436912?hl=no&sjid=...
Denne påstanden byggjer på at «norsk» i Google-terminologi er synom for «bokmål». Lista inneheld akkurat 50 språk – litt færre enn dei 60-70 språka eg kan velja mellom på mobilen min.
Leif
Den 09.02.2024 22:00, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Øystein Alværvik skreiv 08.02.2024 12:54:
Ut frå tidlegare jobberfaring med å kvalitetssikre bokmålsomsetting av programvare, veit eg at selskap er nøye med at språket held høg kvalitet og er presis. Apple har fleire fulltidstilsette kvalitetssikrarar (lokalisert i Irland) av bokmålsomsettinga til iOS og andre Apple-produkt. Dersom ei feilomsetting til dømes fører til at brukarar misforstår ein ny funksjon eller ikkje forstår korleis komme vidare i ein meny, er det frå Apple sin ståstad potensielt katastrofalt. Det er derfor lite realistisk at Apple frivilleg går med på at omsettingar av programvaren deira opnast opp for frivillege bidragsytarar.
Ja, slik er det nok med kommersiell programvare. (Med nokre unntak: Eg har gjennom åra sett fleire kommersielle/ikkje-frie program der produsenten har late frivillige setja om programmet til «mindre språk». Kvaliteten på resultatet har vore svært varierande, ofte dårleg.)
Men faktisk er ikkje alle store selskap like nøye på kvalitetssikring av språket. Eit eksempel er Microsoft (i nyare tid). Nynorskomsetjinga til Microsoft av Windows/Office-programma er iallfall katastrofalt dårleg. Ein finn for eksempel reine stavefeil (som enkelt hadde vore fanga opp automatisk av ei kjapp køyring av ein vanleg stavekontroll), heilt elementære bøyingsfeil (eks. av enkle ord som «møte» og «søk»), direkte feilomsetjingar (som gjer ting vanskeleg å forstå) og inkonsistente omsetjingar (same engelsk ord kan vera omsett til forskjellige ting på norsk, til òg med *innanfor* same dialogvindauge).