Fredag 15. februar 2008 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Crossfade = Kryssmiks?
I nynorskomsetting av Rockbox og Amarok har eg brukt «overtoning». Tilsvarande vert «fade out» til «uttoning» og «fade in» til «inntoning».
Kan legga til at eg synest «kryssmiks» er uheldig, då dette minner iallfall meg om den funksjonen som miksar litt (ein liten prosentdel) av venstre kanal inn i høgre, og litt av høgre inn i venstre, for å motverka «høretelefoneffekten», slik at lydbildet vert meir likt det du får av vanlige høgtalarar (der høgre øre òg hører lyd som kjem frå venstre høgtalar og ikkje berre den som kjem frå høgre).