Tysdag 2. august 2005 10:18 skreiv Axel Bojer:
Utsjånaden har *ingenting* med dette å gjera. Og det kan i nokre tilfelle vera heile poenget.
Det er vel å ta litt hardt i, utseendet endrer seg jo når man endrer bredden på bokstavstrekene osv. Men ok.
Fontmetrikken endrar *ikkje* breidda på bokstavstrekane eller noko anna på utsjånaden. Dette er berre storleiken på boksane rundt bokstavane, mellomromma mellom bokstavane og sånt som vert endra. I nyare skriftstandardar er alt dette innebygd i fontfilene, mens i eldre standardarar låg det i ei eiga fil (ei ASCII-fil, som ein lett kunne endra, om ein for eksempel var misfornøgd med kerninga).
Skriftmål? Som bokmål og nynorsk?
Nei, den assosiasjone fikk ikke jeg.
Til orientering: "http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=skriftm%E5l&begg...":
«skriftmål ~mål (av II mål) skriftspråk nynorsk s-»
Jo,da er vi tilbake igjen til det. Oversetter vi for dem som kan engelsk? Da er det vel ingen vits i å oversette :-) Ordet må vel være forståelig i seg selv, hvis overhodet, ikke fordi man «kan engelsk»?
Det er openbart at me ikkje kan laga eit ord som er forståelig i seg sjølv i denne samanhengen (med mindre det inneheld mange tusen bokstavar). Me må derfor laga eit ord som er forståelig og greitt å hugsa og læra for dei som veit kva det er snakk om, og som samtidig er norsk (og altso ikkje har ein skrivemåte og uttale som er håplaus for oss nordmenn). Då synest eg «skriftmetrikk» er det beste (til no, iallfall). Både «skrift» og «metrikk» er for øvrig norske ord, som begge står i ordboka, og som begge vert brukt i fagspråk (ord «metrikk» blir i tillegg til ordbokstydinga brukt i matematikken, i ei tyding som passar godt i denne samanhengen).
Jaha. Hvilken definisjon av ordet benytter du da?
Definisjonen av ordet «skriftmetrikk» er den same som definisjonen av det engelske ordet «font metrics». Metrikk er her i tydinga noko som har med lengder, avstandar, dimensjonar, mål, oppmåling o.l.