Karl Ove Hufthammer skreiv 09.03.2024 13:09:
Det som er oversatt er ikke veldig godt oversatt. "Wallpaper" ble oversatt til "Tapet" istedetfor "Bakgrunnsbilde", osv.
Ja, det var ikkje er bra. Me har standardisert på omsetjinga «bakgrunnsbilde», jf. fellesordlista vår: https://i18n.skolelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#W
Som eit apropos, no lurer kanskje nokon på korfor «tapet» ikkje er akseptabelt på norsk når det heiter «wallpaper» på engelsk og «wallpaper» jo *tyder* «tapet» (til å henga på veggen). Vel, «wallpaper» er eigentleg ikkje no noko veldig godt ord på engelsk heller, og det er *historiske* grunnar til at det vert brukt. I «gamle dagar» var eit «wallpaper» på datamaskiner meir likt eit fysisk tapet; det var eit mønster (lite bilde) som vart gjenteke over heile skjermen.
Sjå for eksempel denne videoen som viser kva «wallpapers» som fanst i Windows 3.1: https://piped.video/watch?v=osCZyfoScFg
I «moderne tid» er eit «wallpaper» i datasamanheng vanlegvis eit heilt vanleg bilde som dekker (heile) bakgrunnen. Og å kalla det «bakgrunnsbilde»/«bakgrunnsbilete» fungerer derfor bra.