Kolbjørn Stuestøl skreiv 29. april 2017 18:54:
Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna "Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice.
Denne omsettinga er feil. «Største nedre grense» (som me vanlegvis kallar «største nedre skranke» er infimum, altså inf, ikkje lim inf).
Eg er ikkje sikker på kva ein kallar det på norsk, men eg ser «limes inferior» og «limes superior» (altså dei latinske termane, er brukt.
I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom" (omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og "Limit Superior Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes superior mit oberer Grenze").
Her gjev i omsettinga meining i det heile tatt! Det er jo ikke snakk om noko «begrensing». Og det er heller ikkje snakk om noko som er mindreverdig. I første eksempel er det vel snakk om fotskrift (senka skrift / indeks) til ein «lim sup»-operator. Kva «Bottom» gjer der veit eg ikkje. (Eller: Kva «Subscript» gjer der når det alt står «Bottom» veit eg ikkje.) Du får nesten opplysa oss om korleis desse funksjonane fungerer og ser ut.