Matematikk. Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna "Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice. I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom" (omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og "Limit Superior Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes superior mit oberer Grenze").
Blir desse grafiske omgrepa omsette til norsk? I tilfelle til kva?
Dette er ikkje mitt fagområde, så eg håper på hjelp. Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl skreiv 29. april 2017 18:54:
Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna "Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice.
Denne omsettinga er feil. «Største nedre grense» (som me vanlegvis kallar «største nedre skranke» er infimum, altså inf, ikkje lim inf).
Eg er ikkje sikker på kva ein kallar det på norsk, men eg ser «limes inferior» og «limes superior» (altså dei latinske termane, er brukt.
I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom" (omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og "Limit Superior Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes superior mit oberer Grenze").
Her gjev i omsettinga meining i det heile tatt! Det er jo ikke snakk om noko «begrensing». Og det er heller ikkje snakk om noko som er mindreverdig. I første eksempel er det vel snakk om fotskrift (senka skrift / indeks) til ein «lim sup»-operator. Kva «Bottom» gjer der veit eg ikkje. (Eller: Kva «Subscript» gjer der når det alt står «Bottom» veit eg ikkje.) Du får nesten opplysa oss om korleis desse funksjonane fungerer og ser ut.
Takkar for svar. Dette er operatorar som er brukte i Math i LibreOffice, eit program for å skrive formlar. Eg har såleis ingen eksempel på bruken. Fann ei forklaring m.a. i https://en.wikipedia.org/wiki/Limit_superior_and_limit_inferior.
Dette er så spesielt bruksområde at eg trur det mest fornuftige er å bruke dei latinske nemningane «limes inferior» og «limes superior».
Den 29.04.2017 19:26, Karl Ove Hufthammer skreiv:

Dette er opplysningar om kvar heva eller senka teikn skal plasserast i formelen. "Limit Superior Superscript Top" og "… Bottom" kan då for eksempel bli «Limes superior heva skrift over» og «Limes superior senka skrift under». Grunnen til den tilsynelatande overdrivinga med «heva skrift over»/«senka skrift under», er at den heva/senka skrifta kjem midt over/under ordet «lim», ikkje etter slik som t.d. i m^2 .
Det viktige her er altså namna på operatorane. Helsing Kolbjørn
Den 30.04.2017 15:49, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
Takkar for svar. Dette er operatorar som er brukte i Math i LibreOffice, eit program for å skrive formlar. Eg har såleis ingen eksempel på bruken. Fann ei forklaring m.a. i https://en.wikipedia.org/wiki/Limit_superior_and_limit_inferior.
Dette er så spesielt bruksområde at eg trur det mest fornuftige er å bruke dei latinske nemningane «limes inferior» og «limes superior».
Då har eg brukt dei latinske nemningane «limes inferior» og «limes superior» og «Limes superior senka skrift under» og «Limes superior heva skrift over» for "Limit Superior Subscript Bottom" og "Limit Superior Superscript Top".
Helsing Kolbjørn
Den 29.04.2017 19:26, Karl Ove Hufthammer skreiv:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 29. april 2017 18:54:
Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna "Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice.
Denne omsettinga er feil. «Største nedre grense» (som me vanlegvis kallar «største nedre skranke» er infimum, altså inf, ikkje lim inf).
Eg er ikkje sikker på kva ein kallar det på norsk, men eg ser «limes inferior» og «limes superior» (altså dei latinske termane, er brukt.
I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom" (omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og "Limit Superior Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes superior mit oberer Grenze").
Her gjev i omsettinga meining i det heile tatt! Det er jo ikke snakk om noko «begrensing». Og det er heller ikkje snakk om noko som er mindreverdig. I første eksempel er det vel snakk om fotskrift (senka skrift / indeks) til ein «lim sup»-operator. Kva «Bottom» gjer der veit eg ikkje. (Eller: Kva «Subscript» gjer der når det alt står «Bottom» veit eg ikkje.) Du får nesten opplysa oss om korleis desse funksjonane fungerer og ser ut.
Dette er opplysningar om kvar heva eller senka teikn skal plasserast i formelen. "Limit Superior Superscript Top" og "… Bottom" kan då for eksempel bli «Limes superior heva skrift over» og «Limes superior senka skrift under». Grunnen til den tilsynelatande overdrivinga med «heva skrift over»/«senka skrift under», er at den heva/senka skrifta kjem midt over/under ordet «lim», ikkje etter slik som t.d. i m^2 .
Det viktige her er altså namna på operatorane. Helsing Kolbjørn
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no