Eg omset LibreOffice til nynorsk.
Eit par tilfelle eg ikkje finn ut av. Veit ikkje kvar dei blir brukte i programmet anna enn at det er i brukargrensesnittet. Finn dei ikkje omtalte hjelpsidene.
Det eine er "Char Escapement" med variantane "Char Auto Escapement" og "Char Escapement Height". I dei for meg forståelege språka er dei omsette slik: Dansk: «Tegn Hæmning», «Tegn Autospatiering», «Tegn Hæmningshøjde» Tysk: «Zeichen: HemmungZeichen: Hemmung», «Zeichen: Automatische Hemmung», «Zeichen: Hemmungshöhe». Svensk: (Ikkje omsett). Bokmål: (Ikkje omsett), «Char Auto Frislipp», (Ikkje omsett).
Det andre er "Char Interoperability Grab Bag", "Para Interop Grab Bag", "Style Interop Grab Bag". Dansk: «Tegn interoperabilitet lykkepose», «Afsnit interoperabilitet lykkepose», «Typografi interoperabilitet lykkepose». Tysk: «Zeichen: Interoperabilitäts-Wundertüte», «Absatz: Interoperabilitäts-Wundertüte», «Vorlage: Interoperabilitäts-Wundertüte». Svensk: (Ikkje omsett). Bokmål: (Ikkje omsett).
Håper ein eller annan kan forklare kva dette er og kva omgrepa eventuelt heiter på norsk. Reknar med at dei har noko med utforminga (layouten) å gjera.
Helsing Kolbjørn