On 6 Sep 01, at 12:26, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
I skriveprogram (særleg for programmering og slikt) finn me ofte ein funksjon som vert kalla 'highlighting'. Funksjonen markerer visse ord og konstruksjonar med fargar, slik at ein lettare får oversikt over C-kode, HTML eller kva det måtte vera.
I bokmåls-KDE er den direkte omsetjinga 'opplysing' brukt. På nynorsk har eg brukt 'syntaksmerking', som eg trur er litt meir forklarande. Men kva meiner de andre? Finst det kanskje eit tredje alternativ som er best?
Eg har vore på ferie, så denne e-posten kjem seint. "Syntaksmerking" er for snevert. "Highlight" er eit generelt ord for å markere noko eller framheve det. Eg foreslår "marker" eller "uthev" som imperativ og "utheving" som substantiv. Begge orda blir brukte i norske omsetjingar av Microsoft-program.
Jon Grepstad