* Håvard Korsvoll (2006-03-02 10:15):
Kva vart vi einige om å gjere for ord som er gyldige for fleire bøyingar? Til dømes ordet "asosiale" er eit adjektiv som både er bøying i flertall og bestemt entall.
Eller etter Norsk referansegrammatikk desse:
adjektiv - svak - positiv adjektiv - sterk - positiv - fleirtal
Og kva gjer ein med ordformer som tilhøyrer ulike ordklasser? Til dømes "vaksen" er både:
adjektiv - sterk - positiv - hankjønn adjektiv - sterk - positiv - hokjønn verb - perfektum partisipp - sterk - hankjønn verb - perfektum partisipp - sterk - hokjønn
"rista" er:
substantiv - fleirtal - bunden form verb - infinitiv verb - preterium verb - perfektum partisipp - svak verb - perfektum partisipp - sterk - inkjekjønn verb - perfektum partisipp - sterk - hankjønn verb - perfektum partisipp - sterk - hokjønn verb - perfektum partisipp - sterk - flerital
Jamvel om ein tillet pluss mellom bøyingskategoriar slik det var gjort framlegg om tidlegare, må ein ha fire oppføringar for "rista", ein for substantivet, ein for infinitiv+preteritum, ein for svak partisipp og ein for sterk partisipp med inkjekjønn+hankjønn+hokjønn+fleirtal. Ein kan òg tenkja seg berre to oppføringar, ein for substantivet og ein for verbet med infinitiv+preteritum+perfektum partisipp, men det føreset at ein tolkar "perfektum partisipp" utan informasjon om bøying i kjønn, tal og binding som at det gjeld alle kombinasjonar, slik det er i dette tilfellet. Det er sikkert godt nok for ein menneskleg brukar, men dersom informasjonen skal kunna brukast maskinelt, må slike reglar formaliserast og spesifiserast.
Og korleis skal me eigenleg klassifisera orda? Eg ser at ordklassene i filformatet er henta frå Norsk referansegrammatikk (via Wikipedia?), medan bøyingsmønstra er henta frå Nynorskordboka og Bokmålsordboka som byggjer på tradisjonell skulegrammatikk. Desse er ikkje like, og då blir litt kluss. Det finst ein tredje variant, nemleg den Språkrådet og Utdanningsdirektoratet tilrår å bruka i skulen frå 2004. Den er basert på NRG, og har ordklassene derifrå, men ein del element frå den gamle skulegrammatikken er vidareført. Sjå http://www.sprakrad.no/upload/152/gramterm.doc.
Dessutan tykkjer eg me burde ha informasjon om kjønn for substantiv, det er ikkje alltid at dei passar inn i bøyingsreglane som gjev kjønnet indirekte. Dette er heilt avgjerande for ein eventuell grammatikkontroll.
Eg ser at det blir veldig mykje å passa på, og ganske komplisert, så eg lurer på om det viktigaste i denne omgangen må vera ordklasser, orddeling og synonym, kanskje me burde la bøyingsformene venta til seinare.
Eit spørsmål til (det blir mykje i ei posting, men det går vel): burde me ikkje markera former som er sideformer i nynorsk? (I bokmål er jo klammesystemet fjerna).
Erik