On Thu, 2009-01-15 at 23:57 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Torsdag 15. januar 2009 skreiv Grepstad Jon:
I svært mange tilfelle i vanleg språkbruk er «tutorial» brukt også på norsk (t.d. i http://www.gimp.no/ . Finst det noe dekkande ord her?
Spontant ville eg seie at "innføring" er det beste ordet. "Opplæring" er også OK. "Tutorial" kan ikkje brukast på norsk.
100 % einig med Grepstad her.
I nynorskomsetjinga mi av Inkscape¹ har eg brukt «Innføringar» for menyvalet «Tutorials», som ein finn på «Hjelp»-menyen.
når eg såg "innføringar", kom eg i hug når eg hadde fleire "innføringar" av reknestykkje eller norskstil i heimelekse... :-) litt merkeleg kanskje, men den tydinga er meir "bøyeleg" i mitt hovud. om ordet var skrive i eintal ville den tiltenkte meininga hoppe fram fyrst. så eg lurer på: kunne ein skrive "Innføring" sjølv om der er fleire opplæringsmodular tilgjengeleg?