Eg meiner det er fire viktige omsyn ved omsetjing av namn på funksjonar:
1: Namnet må vera i tråd med vanleg norsk namnebruk på fagområdet. I dette tilfellet talar det for å skife til BITVSKIFT og BITHSKIFT på både nynorsk og bokmål. 2: Når namnet først er omsatt bør det normalt ikkje endrast. Talar for å halde på BITVFORSKYV og BITHFORSKYV. 3: Namnet bør vera så likt som mogleg på nynorsk og bokmål. 4: Namnet på bokmål bør vera likt som i norsk Excel, om ikkje omsetjinga der er idiotisk.
Siden Excel-namnet berre er litt idiotisk, trur eg det er best med BITVFORSKYV og BITHFORSKYV på nynorsk òg. Om vi vel BITVSKIFT og BITHSKIFT, bør vi òg endre på bokmål.
-thomas
2013/5/18 Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org
må. den 13. 05. 2013 klokka 11.28 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Sjølv om BITVSKIFT er ei god løysing, er problemet at LibreOffice nb og Excel bruker BITVFORSKYV og tilsvarande. Reint teknisk er det ikkje noe problem å endre dette. Blir BITVFORSKYV bytt ut med BITVSKIFT, vil LO automatisk endre alle gamle formlar til den nye versjonen. Men vil folk endre vanane sine?
Tja, eg tvilar på det er så mange som brukar desse funksjonane (og endå færre som også brukar LibreOffice på nynorsk). Dette er med andre ord ikkje noko stort problem.
-- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: karl@huftis.org
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no