Treng me ei *fast* omsetting av namn (som «John Doe»), byar og liknanade brukt i eksempel i program og hjelpetekstar? (Meiner forresten å hugsa Microsoft Norge «omsette» Redmond til Mørkeby i Word 6 elns.)
Iallfall bør me sørga for at eksempeladresser er gode. Har sett at ein i dei engelske originaltekstane av og til tankelaust brukar adresser som http://myisp.com/ og ftp://myserver.com/, som veldig lett kan kjøpast opp og erstattast av «tvilsame» sider.
Det tryggaste er å bruka www.example.org (jf. RFC 2606), men dette er jo engelsk, og fungerer ikkje so godt som www.mi-heimeside.no og liknande. Finst det *trygge* *norske* adresser me kan/bør bruka?
For øvrig synest absolutt me *bør* omsetta engelske namn, byar og liknande. Dette er jo ein del av lokaliseringa. Som eit eksempel kan eg nemna at eg i nynorskutgåva JuK (veldig fint program forresten) har «omsett» songtittelen «Smoke on the Water» til «Dar kjem dampen». Synest denne var litt småfiks ... ;)