Tenkte dette var greitt å få delt med andre omsettarar.
--- Den ons 2010-01-13 skrev Jan R. Tislevoll jan.r.tislevoll@sprakradet.no:
Fra: Jan R. Tislevoll jan.r.tislevoll@sprakradet.no Emne: Språkspørsmål: kjønn på podkast Til: kvikende@yahoo.no Kopi: "Sporsmal" sporsmal@sprakradet.no Dato: Onsdag 13. januar 2010 16.35 Spør Språkrådet
Subject: Kjønn på ordet «Podkast» Navn: Torstein Adolf Winterseth Email: kvikende@yahoo.no Sporsmaal: Hei Eg omset fri programvare til nynorsk og har tenkt å omsette eit program for å handtere podkast. Problemet eg møter er at eg ikkje er sikker på kjønnet til ordet. Intuitivt så gjev eg ordet inkjekjønnendingar på grunn av at det heiter «eit kast», men eg har sett (i bokmålomsettinga til det same programmet) at nokon gjev ordet hankjønnendingar. Blei derfor usikker på kva for kjønn ordet har, og kva for kjønn eg skal bruke når eg omset. Greitt at eg vidaresender svaret på denne e-posten på e-postlista til omsettingslaget?
Svar: "Podkast" er ikkje teke inn i ordbøkene enno. Men hankjønn er produktivt; det betyr at dei fleste "nye" substantiv blir hankjønn i norsk. Det er naturleg at dette også gjeld "podkast", og eg vil tilrå at du bøyer ordet som hankjønn. Vennleg helsing Jan R. Tislevoll Språkrådet
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com
Onsdag 13. januar 2010 skreiv Torstein Winterseth:
Tenkte dette var greitt å få delt med andre omsettarar.
Til orientering vert dette spørsmålet nett no diskutert i Språkrådet si terminologigruppa (der eg er med i referansegruppa). Eg reknar med det vert tatt ei endelig avgjerd (med tilhørande offisielle anbefaling) ganske snart.
For øvrig er eg einig i at me bør bruka hankjønn i omsettingane våre, sjølv om det skulle verta valfritt kjønn her.