På fellesordlista http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html er «socket» omsett til «sokkel, stikk, kontaktflate, kontakt».
Når det gjeld «socket» i denne tydinga(ne) i Wikipedia-artikkelen https://en.wikipedia.org/wiki/Network_socket synest eg å hugsa at nokon ikkje likte «sokkel» som omsetting.
Kva synest me om dette i år 2016?
On Sun, 2016-01-10 at 14:18 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:

eg synest framleis "sokkel" ikkje kan brukast om nettverksockets, men kjem ikkje på noko nyord, dette måtte vere noko slikt som "nettverksmottakspunkt", men det er så generisk at det ikkje er klargjerande for nokon. det er uansett såpass teknisk at eg meiner vi kan leve med importert terminologi. dette kjem aldri til å hamne i daglegtalen til andre enn programmerarar.
Den 24.01.2016 10.21, skrev Kjetil Torgrim Homme:

"Stikk(kontakt)" er jo det ordet som kommer nærmest. Ordet kommer jo av at du ender med en dedikert linje over et sannsynligvis pakkesvitsjet nettverk. Slike analogier er jo ganske vanlig i dataterminologi.
Sokkel er jeg enig i at høres rart ut, fordi du ville aldri snakke om å stikke en kabel i en sokkel.
Vh. Sigmund
Sigmund Hansen skreiv 30. jan. 2016 11:30:
Den 24.01.2016 10.21, skrev Kjetil Torgrim Homme:
On Sun, 2016-01-10 at 14:18 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Når det gjeld «socket» i denne tydinga(ne) i Wikipedia-artikkelen https://en.wikipedia.org/wiki/Network_socket synest eg å hugsa at nokon ikkje likte «sokkel» som omsetting.
Kva synest me om dette i år 2016?
eg synest framleis "sokkel" ikkje kan brukast om nettverksockets, men kjem ikkje på noko nyord, dette måtte vere noko slikt som "nettverksmottakspunkt", men det er så generisk at det ikkje er klargjerande for nokon. det er uansett såpass teknisk at eg meiner vi kan leve med importert terminologi. dette kjem aldri til å hamne i daglegtalen til andre enn programmerarar.
[…]
Sokkel er jeg enig i at høres rart ut, fordi du ville aldri snakke om å stikke en kabel i en sokkel.
OK. Då går me for «socket» også på norsk. Eg har no oppdatert fellesordlista på http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html til å berre lista «socket» som «omsetting» av «socket», og markert «sokkel» som overstreka (dvs. uakseptabelt).
Har også oppdatert alt i nynorskomsettinga av KDE til å konsekvent bruka «socket». Sjå
http://svn.skolelinux.no/websvn/comp.php?repname=skolelinux&compare%5B%5...
for oversikt over alle endringane eg gjorde. Merk at eg reknar «socket» som eit hankjønnsord («ein socket»). For å markera at det eigentleg er engelsk, brukar eg bindestrek i alle bøyingar og samansette ord. Det vert for eksempel «socket-en», ikkje «socketen», i bunden form eintal, og «socket-feil» og «lytte-socket», ikkje «socketfeil» og «lyttesocket».
(Bokmålsomsettarane må oppdatera omsettingsfilene sine sjølv.)
Eg har også lagt til to reglar i korrekturlesingsskriptet vårt for dette, for å sikra at «socket» alltid vert «omsett» til «socket», og at ordet alltid har bindestrekar der det skal.