On Sun, 2016-01-10 at 14:18 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
På fellesordlista http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html er «socket» omsett til «sokkel, stikk, kontaktflate, kontakt».
Når det gjeld «socket» i denne tydinga(ne) i Wikipedia-artikkelen https://en.wikipedia.org/wiki/Network_socket synest eg å hugsa at nokon ikkje likte «sokkel» som omsetting.
Kva synest me om dette i år 2016?
eg synest framleis "sokkel" ikkje kan brukast om nettverksockets, men kjem ikkje på noko nyord, dette måtte vere noko slikt som "nettverksmottakspunkt", men det er så generisk at det ikkje er klargjerande for nokon. det er uansett såpass teknisk at eg meiner vi kan leve med importert terminologi. dette kjem aldri til å hamne i daglegtalen til andre enn programmerarar.